Barn er best…

… når dei slepp til på eigne premisser

Det har vore ei veke med store opplevingar for mange av dei som bur i den ytre delen av kommunen. Vegopninga i Førresbotn var for mange eit etterlengta tryggingstiltak. Nå lovar representantane frå Vegvesenet å sjå nærare på dei innspela som har komme frå naboane om at ein ikkje er heilt nøgd med alt som er gjort. Det handlar om ungar, og det handlar om at ungar ikkje alltid gjer det dei vaksne som planlegg tenkjer.
Det er viktig at ein bryr seg, og det er viktig at ein vil finne løysingar. Tryggleik er ikkje noko ein kan ta lett på, og det er ein berre nøydt til å stole på at vegmyndigheitene ikkje gjer.

Den siste veka har ungane i Tysvær vist oss at dei er «sprell levande». For laurdag var det igjen tid for «Babeluba», dette fantastiske prosjektet som stadig lokkar til seg ungar i alle aldrar. Ved første augekast eit arrangement som mange andre. Ansiktsmaling og diverse aktivitetar.
Men det er ikkje det. Dukkar ein inn i jungelen av tilbod denne haustdagen vil ein sjå aktivitetar på ungane sine premissar. Her får dei utfalde seg fritt, med litt vaksen rettleiing. Lag og foreiningar stiller opp og både kulturhuset og kyrkja har opne dører.
Og det er svært interessant som vaksen observatør å sjå desse ungane, sveitte og ivrige, på endelaus jakt etter fleire aktivitetar. Samstundes som nye dataspel lanserast og ein les om ungdommar som sit oppe både seint og tidleg for å skyte, kjøre eller spele fotball online, så ser ein aldersgruppa rett under i fysisk leik.
Ein kan diskutere seg grøn på kva tid det går «galt», men det er openlyst at eit tilrettelagt tilbod som «Babeluba» framleis inspirerer. Det kan virke milevis og lysår mellom det å lage sin eigen drake og springe som ein gal rundt og rundt på Lars Hertervigs plass og det å sitte heime på rommet og spele «Grand Theft Auto V» med Cola og smågodt innanfor rekkevidde. Men er det eigentleg det? Handlar ikkje begge deler om å aktivisere og legge til rette. Når utviklarane av spelet har jobba med den nye versjonen handlar det sjølvsagt om å halde på spelaren lengst muleg og gjerne skape forventning om eit nytt spel neste år.
Den same utfordringa har dei som planlegg fysiske aktivitetar i idrettslag, speidar og andre organisasjonar. Det er då «Babeluba» står fram som eit prakteksempel, kor alle gode tankar samlast den eine gongen i året. Vil me ha desse «sprell levande» ungane så må me også vere med å pushe dei framover mot dei gode opplevingane. Orkar me ikkje, så blir dataspelutviklarane endå rikare.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør