– Slik eg tolka møtet så kan me meir enn håpe på at me får tildelt eit Vinmonopol i Aksdal neste haust. Det betyr oppstart året etter. Dei skal rett nok dele ut eit par etableringar også nå i haust, men eg tolka det slik at me ikkje kjem med i den tildelingsrunden. Tysvær kommune har søkt og oppretthalde søknaden i fleire år nå for å få eit utsal til Aksdal. Det skal vere med å bremse handelslekkasjen til Haugesund, seier ordførar Harald Stakkestad.
Møtet mellom representantane frå Vinmonopolet, Aksdal Senter og kommunen var for å halde kvarandre oppdatert, men Stakkestad meiner at dei signala som kom langt på veg var eit lys i enden av tunellen.
– Me er etter kvart blitt ein stor kommune og eit slikt tilbod bør vere ein del av det tilbodet me kan gi våre innbyggjarar. Me brukte møtet til å oppdatere dei på kor me ligg som handelssenter i knutepunktet ved E134 og E39. Me fortalte om alle hytteinnbyggjarane me har og om problema med handelslekkasjen vestover. Dette var informasjon dei vil ta med seg til vidare handsaming, seier Stakkestad.
Les heile saka i papirutgåva