Keeper Øystein Odland rydda opp i det meste. Her er Sondre Voll, Jan R. TjøsvollEspen Tørresdal, Stian Knutsen,Torbjørn Stensland og Thormod Ness på rekkje og rad bak han. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Keeper Øystein Odland rydda opp i det meste. Her er Sondre Voll, Jan R. TjøsvollEspen Tørresdal, Stian Knutsen,Torbjørn Stensland og Thormod Ness på rekkje og rad bak han. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Unggutane skåra, keeperen rydda opp

Falkeid vann lokaloppgjeret mot Stegaberg 3-2 etter at Espen Sørenes skåra på overtid.

På unggutane sin store festdag var det likevel keeper Øystein Odland som redda dagen.
Det blei etter kvart eit lokaloppgjer som hadde det meste. Unge talent som skåra på bestilling, stort keeperspel av Odland, ein goalgettar som runda 20 seriemål og eit par heftige taklingar.
Falkeid tok fortent leiinga etter ein halvtime. Målskårar Stian Knutsen.
– Det var litt tungt i starten, men etter kvart gjekk det betre for meg. Dette var det første seriemålet mitt i år, og for ein kjekk kamp å skåre det i, gliste midtbanespelaren som spelte i 90 minuttar.
To minutt seinare så skåra Dag Frode Tønnesen sitt 20 seriemål for sesongen. Eit par minutt seinare kunne nummer 21 komme, men ein strålande redning av Øystein Odland og ein kjempemiss av Torbjørn Stensland gjorde at det sto 1-1 til pause.Inni mellom alt dette hadde Falkeid sin sisteskanse fleire gode involveringar, noko han fortsatte med også etter pause.
– Me spele ein dårlig 1. omgang og slepp dei alt for lett til. I tillegg brenn me fleire sjansar, sukkar Tønnesen.
Siste sekund
Etter pause dukka Jan Kåre Frøyland opp på bakre stolpe etter eit frispark og dundrar inn 1-2. Jan Reidar Tjøsvoll styrer inn 2-2 og det ser ut til at laga denne gongen også, skal spele uavgjort. Og det hadde på mange måtar vore rettferdig.
Men heldigvis er ikkje fotball det. Åtte minuttar før slutt kjem 16 år gamle Sørenes inn på banen. Åtte minuttar seinare klarar han å pirke ballen mellom Thormod Ness og Kristian Storesund og i mål. Meir skjer ikkje og Sørenes står att som matchvinnar.
– Eg tenkte litt på det då eg satt og frøys på benken at det kunne komme ein sjanse heilt mot slutten. Men det var Stegaberg som kjørte på og det såg ut til at sjansen min ikkje skulle komme. Men så på overtid fekk eg eit innlegg, gjorde som Olav (Askeland) har lært meg, møtte på første og fikk ei tå på ballen. Utruleg kjekt, seier Sørenes.
Stegaberg-trenar Thormod Ness var ein slagen mann.
– Me må ha alt for mange sjansar for å få ballen i mål. Etter to gode kampar var me tilbake på det nivået. Kjedelig men sant, seier Ness som var heimelagets beste spelar.
På Falkeid imponerte nok ein gong Øystein Odland, Sondre Voll, brødrene Knutsen og Kenneth Kristiansen. Falkeid vann og det er det viktigaste.
– Kjekkaste kampen som går ann å vinne dette, smilte Stian Knutsen på veg i garderoben.

Faktaboks

Stegaberg 2 (1)
Falkeid 3 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
0-1 Stian Knutsen (30)
1-1 Dag Frode Tønnsen (32)
1-2 Jan Kåre Frøyland (52)
2-2 Jan Reidar Tjøsvoll (75)
2-3 Espen Sørenes (90)
Dommar: Carl Gregor,
Gult kort: Jan R. Tjøsvoll, Stegaberg og Jan K. Frøyland, Falkeid

Stegaberg:
Kristian Storesund, Ruben Kleven, Espen Tørresdal, Thormod Ness, Vegard Stakland, Terje Kristiansen, Sveinung Hellerslien (Ørjan Tørresdak frå 65.), Jan R. Tjøsvoll, Torbjørn Stensland, Dag Frode Tønnesen og Erik Frøyland (Petter Lønning frå 45.)
Falkeid:
Øystein Odland Kjetil Bjørkheim, Sondre Voll, Geir Espevik, Rune Erland, Frode Hundsnes (Geir Wegge frå 45.), Espen Knutsen, Stian Knutsen, Kenneth Kristiansen, Olav Askeland (Espen Sørenes frå 82.) og Jan Kåre Frøyland.