Rådmann Arvid S. Vallestad kunne legge fram svært positive tall for kommunestyret på tysdag. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rådmann Arvid S. Vallestad råda kommunestyret til å busette 10 flyktningar. Samtidig meiner han det er viktig å vurdere korleis ein klarer å drive etter lova, med økonomisk stramme rammer.

Det blir samarbeid

Då er det endeleg bestemt; kommunen skal samarbeide med Nedstrand Båtforeining om eit nytt servicebygg.

Av Mona Terjesen
Politikarane gjorde det endelege vedtaket på førre kommunestyremøte, og dei stemte samrøystes for.
Avtalen
Det er for å vidareutvikle båthamna og Nedstrand som feriestad, at Nedstrand Båtforeining i samarbeid med «Nedstrand 2020» og Nedstrand Bygdeutval har fått prosjektert eit servicebygg med dusj, toalett og vaskemulegheiter i tilknyting til hamna. I kommunestyret vedtok politikarane å gi kommunal eigedom til servicebygget. Kommunen skal også samarbeide med båtforeininga om bygging og finansiering av prosjektet.
«Nedstrand er ei av dei eldste hamnene i Ryfylke og ein populær stad å gjeste for fritidsbåteigarar som ferierer i Ryfylke-bassenget. Medlemmene i Nedstrand Båtforeining har i mange år engasjert seg
i utviklinga av Nedstrand som ein god ferie- og fritidsstad, både for fastbuande og turistar. Båthamna blei utvida med fleire plassar og ny bølgjedempar i 2009. Det blei då inngått eit samarbeid med
Tysvær kommune om finansiering, og lån gitt til føremålet er allereie tilbakebetalt», skriv rådmann Arvid S. Vallestad i saka.
I vår blei rådmannen og båtforeininga einige om at båtforeininga skal stå som byggherre og bidra med 400.000 kroner i investeringane. Kommunen blir eigar av bygget og tomta, men det blir inngått ei langsiktig leigeavtale. Intensjonsavtalen blei inngått 13. august.

Les heile saka i papirutgåva.