For heile Rogaland skal der investerast 12,7 milliardar kroner dei neste åra på riksvegsnettet. Rogfast ligg også inne i tala i den nasjonale transportplanen (NTP). Og når detaljane nå kjem fram for perioden fram til 2017, så er det lov å koste på seg eit aldri så lite «Yesss»!
– Nå ser me at fleire av dei prioriterte prosjekta i Tysvær er på lista over prosjekta som skal starta opp denne perioden. Fremst ligg Eikeskogkrysset og ein midtdelar frå Frakkagjerd til Aksdal. Det er også pengar til eit nytt kryss i Aksdal, noko som vil få mykje å seie for Aksdal-planane, seier avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen.
Då midlane blei offentleggjort for kort tid sidan, virka det som om dei berre hadde tenkt å bygge nye tunellar.
– Mykje av det som skal skje nå nordsida av Boknafjorden er utbetring av farlege kryss og strekningar. Nå er det opp til politikarane å få fart på reguleringsplanane, slik at me kan starte opp, seier Eide.
Les heile saka i papirutgåva.