Det bitre sviket

Oddsen for at ein finn pengar til Hamrane 2 er i ferd med å nå nye høgder. Skuffelsen over at ein ikkje fann pengar i fjorårets budsjett var berre starten på ein lang nedtur for dei 16 unge menneska og deira føresette, som ventar på eit nytt og betre tilbod.

For det er ingen politikar som tør, eller som har vist seg i det offentlege rom og lova pengar til avlastningstilbodet. Ei heller er det nokon som har gått vidare med planane om å flytte barnehagen til Nappatjørn for å frigjere det arealet som trengs.
Etter å ha invitert ordførar Harald Stakkestad til eit medlemsmøte sitt dei som ventar att med den kjensla som dei har frykta det siste året; det blir ikkje noko Hamrane 2 tilbod.
Det er på mange måtar eit bittert svik, for det var så mange politikarar som lova så mykje. Nå kan dei ikkje love noko som helst. Og dei er i eit politisk minefelt kor det er minst like vanskeleg å snu som å gå vidare. Bak dei ligg både ein lovnad om eit betre avlastningstilbod, medan det framfor dei ligg ein politisk kvardag kor det garantert vil komme strengare krav om oppfølging av denne brukargruppa.
Det betyr at Hamrane 2 vil vere eit «lik» i det politiske skapet uansett korleis Tysvær går økonomisk dei neste åre. Dei sparetiltaka ein ser nå er berre starten på ei tid kor me garantert vil få fleire. Skule- og omsorgstenestene har allereie hatt sine første sparerundar og nærmar seg det berømte beinet.
Men ein ting er å spare i tilbod som allereie finst. Kva med alle dei prosjekta som er planlagt. Vil Hamrane 2 «spøkelset» bremse investeringslysta også når det gjeld barnehagen i Skjoldastraumen, utbygginga av Skeiseid, idrettshallen og skulen i Tysværvåg og når det gjeld kommunale planar for Aksdal sentrum?
Det vil tida vise oss, men allereie om to år er det nytt lokalval og det spørs om ein kan stille seg opp på valstandar og love like mykje då. Det spørs om ikkje spørsmåla som blir stilt blant valbrosjyrar, kulepennar og drops blir noko meir kritiske.
For dei som er direkte knytt til enkeltsaker i Tysvær godtar ikkje politikarvendingar som: det blir ikkje heilt som me lova, men me skal nok finne ei «god» løysing. Det er muleg slike utspel gjekk før, men det held ikkje i dag.
Og dette vil eller bør få politiske konsekvensar også. For me har spesielt to store parti i vår kommune som ikkje kan få sleppe unna med slikt. Dei er nøydt til å vise styrke, dei må komme med konkrete løysingar og dei må etter kvart komme seg ut i det offentlege rom å forklare, mellom anna dei som ventar på Hamrane 2, kva som skjer.
Har dei ikkje pengar og vilje til å gjennomføre prosjektet, så er det eit svar det også.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør