Tal som svir

Tysvær kommune kjem svært ofte godt ut i diverse undersøkingar. Men av og til kjem dei dårlegare ut enn det ein skulle tru var muleg.

Det er dei som meiner at Tysvær kommune ofte får meir skryt enn dei fortener, først og fremst fordi dei sjølv slit med å få kontakt, hjelp eller svar på rådhuset.
Dei har nå fatt ei undersøking frå Forbrukarrådet, som støttar opp om noko av kritikken.
For ein del av det Forbrukarrådet har lagt vekt på er kor tilgjengeleg tilboda i kommunen er. Og når ein hamnar på 409. plass av landets 428 kommunar, ja då kan ein ikkje bortforklare at ein har eit problem.
Det kommunen får skryt for og maksimalt med poeng for er fritid og kultur. Ein viktig bærebjelke i alle samfunn og ære vere dei som har gjort at ein er på landstoppen på dette området. Barn, skule og sosiale tenester gjer det også greitt og ligg rundt landssnittet.
Men det er spesielt eit område folk «elskar» å kritisere Tysvær kommune. Det er på tekniske tenester.
– Det er nesten ikkje muleg å få svar. Ein blir sendt frå person til person når ein ringer, men som oftast blir ein møtt med ein telefonsvarar som fortel at den ein skal snakke med er i møte. Og det er neppe til det betre at personen har gløymt å slå telefonen tilbake når møtet er slutt. Dei som stiller desse spørsmåla er forbrukarane av kommunale tenester. At Tysvær då får tre av 100 poeng i dette tenesteområdet gir kritikarane vatn på mølla.
Ordførar Harald Stakkestad er fortvila og har allreie bedt om at rådmannen tar dette opp med sine leiarar. Tysvær kommune kan ikkje leve med slike tal, uansett korleis og når dei er henta inn. Han spør også i dagens avis kvifor ikkje fleire av spørsmåla blir svart på i servicetorget, eit torg med mykje kunnskap og ei brei samansetting av fagfolk.
– Er ikkje tilbodet godt nok kjent blant folk?
Vel, det er faktisk Tysvær kommune sitt problem og ikkje brukarane sitt. Marknadsføring er mykje meir enn å ha stillingsannonsar eller informasjon om opningstider.
Informasjonstenestene i Tysvær får i undersøkinga null poeng. Det er sjølvsagt ikkje null tenester, men då dette blei testa så kom dei ut med det absolutte botnnivå. Trist for fleire enn dei som jobbar med dette i kommunen.
Pleie og omsorg er også på null. Er det eit resultat av at ein ikkje får tak i dei som jobbar der, får for dårleg informasjon, eller er dette eit tilbod som generelt er så dårleg i Tysvær at det ikkje slår ut i ein slik test.
Det blir ein jobb for tenesta å motbevise dette og når Forbrukarrådet presenterer slike testar så kan ein ikkje skulde på andre enn seg sjølv. For det er dei same testane som for seks år sidan viste at Tysvær var dyktige innanfor desse områda. Då var det ingen som skulda på Forbrukarrådet.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør