Det finst mange «kven kjører i kveld-profilar» på facebook. Skjermdump: facebook
Det finst mange «kven kjører i kveld-profilar» på facebook. Skjermdump: facebook

Bryt lova kvar helg

«Kven kjører i kveld?», dette er tittelen på facebook-profilar – der ungdommar bytter på å vere sjåførar i helgene. Det dei kanskje ikkje er klar over er at «piratverksemda» kan straffast med bøter og inndraging av førarkort.

Av Mona Terjesen
– Det er særleg ei utfordring for drosjesjåførar i distrikta, dei mister kundar på at mange i staden for å ta taxi, kjører kvarandre i helgene. Dei legg ut namn og nummer på facebook, så er det berre å ringe for dei som treng skyss utpå natta, fortel politibetjent Atle Thorbjørnsen i Tysvær lensmannskontor.
Utbredt
Dei har lenge vore synlege i bybildet – dei unge vaksne som står parkert i rekke tvers over Vår Frelsers kyrkje i Haugesund sentrum, seine fredags- og laurdagskveldar. Dei skal gjerne hente kompisar og venninner, men ofte kjører dei også andre – mot betaling. No har piratverksemda eskalert, særleg i distrikta. Etter at sosiale media blei allemannseige, florerer det av sider og profilar der folk tilbyr skyss. Som regel står det ikkje noko om pris på nettet, men i nokre tilfelle skjer også det. Melder ein seg som medlem på desse sidene, kan ein enkelt spørje den som tilbyr skyss om pris og få det oppgitt.
Men verken reklameringa for sjåførtenestene eller kjøringa mot betaling er lovleg, og straffa ein risikerer er stor. Om dei som driv med dette er klare over risikoen eller ikkje, er vanskeleg å vite; uansett er dei den siste tida blitt mange.

– Me har følgt særleg godt med på dei det siste året.

– Me har følgt særleg godt med på dei det siste året. Piratkjøringa er blitt særleg utbredt i distrikta. For å spare drosjepengar avtaler folk som er ute på byen i helgene å kjøre kvarandre. Dette er altså særleg merkbart for drosjenæringa og det er trist. Me har vore i kontakt med fleire som fortel at dei no har langt mindre å gjere i helgene enn tidlegare, seier Thorbjørnsen.

Les heile saka i papirutgåva.