Justering eller kutt

Måndag skal rådmann Arvid S. Vallestad legge fram forslaget sitt til Tysvær-budsjettet for 2014.

Det same gjorde tysværbu og ny Karmøy-rådmann Sigurd Eikje denne veka. Begge står framføre økonomiske kursendringar og må legge fram forslag som garantert vil skape debatt – både politisk og blant innbyggjarane.
I Karmøy har dei valt ut tydelige satsingsområde og freda mellom anna skule og det ein kallar «pålagte oppgåver». Hardast har sparekniven gått utover kultur, noko som både kan gi eit dårlegare tilbod, og også eit dyrare tilbod.
At ein ikkje vil gripe inn i skule og omsorg er kanskje eit teikn på kor vår nabokommune vil stase i åra som kjem.
Når Vallestad opnar dokumenta og gir oss innsyn i sine økonomiske tankar på måndag, må noko av bakteppet i hans tenking vere kva ein har fått utav sparinga og kutta dei siste åra. Har det gitt ønska effekt og er det meir å gå på, utan at det går ut over kvaliteten?
Eit av dei områda eg kjenner best til er skulesektoren, kor politikarane i Tysvær har store mål. Der skal kvaliteten på både dei tilsette og elevane gi resultat, målbare resultat, som viser ein topp skule.
Kan ein eigentleg måle elevresultat ut frå kroner og øre? Og er det pengar nok i potten til å få tak i godt kvalifiserte lærarar og møte dei lønskrava som følgjer med høg utdanning?
Kanskje får me eit svar på dette nå, eller kanskje må me vente til politikarane under det endelege budsjettmøte i kommunestyresalen like før jul, tar ordet.
Eit anna område kor det er store utfordringar er innan teknisk sektor. Her er det slik me og mange med oss ser det, underbudsjettert over tid. Ein ryddeprosess vil vise det, og då har ein laga seg ei ny utfordring. Korleis kutte eller spare der det er tomt i kassa frå før?
Kva er det som vil oppta den vanlege innbyggar mest? Blir det Hamrane 2, nye barnehagar og skule/idrettshall? Blir det utsettingar på veg og sykkelvegprosjekt?
Ein av dei store postane i alle kommunale budsjett finn ein innan helse og omsorg. Det skal bli spanande å sjå korleis Tysvær i framtida vil løyse dei store utgiftene og den store gruppa med personale som skal drifte dette, i åra som kjem. Utfordringane og pålegga ser ikkje ut til å ha ein ende og vil vere ein del av den politiske kvardagen, ikkje berre her, men i heile Noreg i mange år framover.
Karmøy og Tysvær er på mange måtar ulike og Eikje har nok større utfordringar enn det Vallestad har. Likevel er det mange likskapstrekk mellom dei økonomiske utfordringane. Eit nytt Tysvær-signal får me måndag.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør