Grusen hagla då Sigmar Myhre og Harald Stakkestad tok spadestikket som markerte at arbeidet med å sette opp «Tolboden» i Nedstrand er i gang.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Grusen hagla då Sigmar Myhre og Harald Stakkestad tok spadestikket som markerte at arbeidet med å sette opp «Tolboden» i Nedstrand er i gang.

Spadestikk for historia

Det kunne nesten ikkje gjerast fort nok. Då ordførar Harald Stakkestad, med god hjelp av lokalhistorikar Sigmar Myre tok det aller første spadestikket var det berre så grusen hagla over kaien.

Det har gått nokre månadar sidan me var i Nedstrand og fekk både sjå og høyre korleis det skal bli på kaien når vernebygget til «Tolboden» skal stå ferdig i mars neste år. Men når spaden på offisielt vis blei stukken i bakken måndag var all skepsis lagt vekk.
– Dette har me venta på lenge. Å få markert starten på det som skal bli ein spennande del av Nedstrand 2020 og eit viktig bidrag til heile utbygginga av området her ved kaien, er eit stort augeblikk for mange. Nå er me i gang, sa ordførar Stakkestad.
– Det har vore ein lang veg å gå, men nå er me på mange måtar i gang med innspurten. Trur det er mange som er glade i dag, sa Myhre.

Les heile saka i papirutgåva

Ikkje abonnent? Eller vil du gi eit i julegåve?
Vinn gåvekort på 8.000 hos Meny, Aksdal
https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/