Samling i krysset. Knut David Vea, Leif Inge Stange og Johnny Wannberg har litt å gruble på før dei startar utskiftinga av kloakkrøyra som går i Frakkagjerdvegen. Anleggstart er 26. september. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Samling i krysset. Knut David Vea, Leif Inge Stange og Johnny Wannberg har litt å gruble på før dei startar utskiftinga av kloakkrøyra som går i Frakkagjerdvegen. Anleggstart er 26. september.

Sparkar frå seg

Det blir ikkje spart på noko når ein skal førebu seg til gradering i karate. Rett etter skuletid møtest ivrige ungar i gymsalen på Førre skule. På laurdag skal fleire av dei få raud stripe i beltet.

Storleiken har sjølvsagt litt å seie, men i karate er det øving som gjer meister. Nokre av dei me trefte på har berre vore med eit par månadar, men rygga ikkje ein meter då trenar Hans Erik Hornell skulle vise kva dei skulle gjere. Sanna frå 4. klasse yppa seg mot trenaren.
– Det var ikkje skummelt i det heile tatt. I karate skal ein ikkje bruke krefter, men teknikk. Eg har vore med på dette åtte gonger nå og begynner å skjøne litt av teknikkane. Eg har lært å passe på meg sjølv, bevege meg heile tida og at ein ikkje skal bruke vald mot den ein går duellar med. Spennande og noko alle kan vere med på. Kor stor ein er, kor gamal eller flink har ingen ting å seie. Her lærer ein mykje etter kvart, seier Sanna.
Saman med trenaren viste ho fram både spark og slag. Teknikken til ungjenta var det lite å seie på. Hurtigheit og konsentrasjon er nøkkelen til suksess i denne yngste gruppa.
– Me tar det skritt for skritt, og ser tidleg om det er nokon som har talent for det. Laurdag skal me ha ei ny gradering kor dei vil få ei raud stripe i beltet om ein klarer det. Er nok ein del sommarfuglar i magen på morgonen før ein tar til i senteret vårt på Norheim, seier Hornell.

Les heile saka og sjå bilder frå treninga i papirutgåva.