– Kutt som frykta

Solbergregjeringa foreslår å kutte 50 millionar i produksjonstilskotet.

– Dette var som frykta og meir drastisk enn vi hadde venta. Lokalavisene opplever at inntektene frå både lesarar og annonsørar er under press. I tillegg er alle aviser midt inne i ei krevjande omstilling, der vi skal nå lesarane på digitale plattformer i tillegg til papiravisa. At produksjonstilskotet blir redusert så kraftig når lokalavisene treng det som mest for å lukkast med omstillinga er svært skuffande, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i Landslaget for lokalaviser (LLA).
– Nå må vi setje vår lit til at Kristeleg Folkeparti og Venstre kan forhandle bort kuttet, seier Hetland og Melhus. Dei framhevar at rammevilkåra til avisene handlar om regjeringa vil satse på eit mangfald av seriøse ytringskanalar og eit reelt demokrati.
– Lokalavisene er viktigare enn nokon gong. Økonomien i media har ført til at regionavisene trekkjer seg inn mot kjerneområda sine og blir lokalavis der. Dei små lokalavisene er i praksis den einaste fellesarenaen i sine lokalsamfunn for informasjon, eit kritisk blikk på aktuelle saker, debatt og ikkje minst synleggjering av lokal kultur og organisasjonsliv. Gode rammevilkår er avgjerande for at lokalavisene skal kunne løyse sitt viktige samfunnsoppdrag på ein god måte. Her er produksjonstilskotet viktig, men det er også viktig å få ei løysing på momsproblematikken, der lesarane i dag må betale full moms digitalt. Momsfritaket på journalistisk innhald må gjerast plattformnøytralt, og gjelde både for papiravisa og digitalt innhold, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i LLA.
I Solbergregjeringa sitt budsjettforslag blir det foreslått å redusere produksjonstilskotet med 50 millionar kroner til 281,7 millionar i 2013 – samanlikna med Stoltenbergregjeringa sitt forslag. I tillegg blir det foreslått å trekkje tilbake forslaget om seks millionar kroner for prosjektstøtte til kvalitetsjournalistikk. Det er eit mål å gjere produksjonstilskotet plattformnøytralt frå og med 2014.

Rune Hetland og Ståle Melhus, Landslaget for lokalaviser (LLA)