Dette er draumerolla, seier Hanna-Maria Grønneberg. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dette er draumerolla, seier Hanna-Maria Grønneberg. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Det meste på plass

«Reisen til julestjernen» er i rute. Sist veke blei kulturhuset gjort om til eit iskaldt landskap, med rom for spenning. Latter, litt kjærleik og sjølvsagt Sonja.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Rundt om på scenen er det terping på detaljar. Regissør Brit Lossius er tidvis overalt. Ingenting er overlate til tilfeldigheita når klassikaren frå 1924, sjølvaste originalen, om kort tid skal visast både i Aksdal og i Festiviteten. Sveitt og konsentrert står plutseleg Hanna-Maria Grønneberg der.
– Dette er draumerolla på mange måtar. Hugsar eg ikkje kunne vere med i kyrkja på juleaftan fordi eg skulle sjå «Reisen til julestjernen» på fjernsynet. Tenk å vore Gulltopp, tenkte eg mange gonger. Og nå… ja, så har draumen blitt til verkelegheit. Sjølv om dette er originalen og ikkje filmversjonen, så er dette ei draumerolle for meg, seier Grønneberg.
Alle
– Kven passar dette stykket for?
– Eg trur dette vil vere eit flott og spanande stykke for alle. Både for dei yngste som får sjå eit spanande eventyr, men også for vaksne som har vokse opp med dette eventyret. Det er teater, song og dans på ein gong.
– Korleis fungerar Tysværtunet som øvingsarena?
– Eg er imponert. Her er det mange gode øvingsrom, ein flott scenen og lett å finne fram i gangane. Ikkje alle stadar det er slikt. På ein måte er det ein liten sal, men så kjem dei så tett på at det kjennest ut som om den er mykje større. Eg var her nettopp og såg «Vildanden» og blei mektig imponert av salen. Eg gleder meg til lyssettinga og scenen er heilt ferdig, smiler 23-åringen som også er plateaktuelle saman med faren Magnus Grønneberg.

Les heile saka og sjå fleire bilete i papiravisa.