Kom som du er. Det er mottoet for å komme i Sysco Arena om tysdagane. Bøy og tøy. Marit Salomonsen fekk damene med seg på mange øvingar i løpet av ein time.
Kom som du er. Det er mottoet for å komme i Sysco Arena om tysdagane. Bøy og tøy. Marit Salomonsen fekk damene med seg på mange øvingar i løpet av ein time.

Ei treningsform å strekke seg etter

Det ser så lett ut, men etterpå så kjenne ein det godt.

– Me har lagt opp til ei trening kor kroppen er «apparata» og kor det er innslag av alt frå turn til yoga. Dette er øvingar alle kan klare og me tilpassar det heile slik at dei som kjem skal få godt utbytte av ei økt. Ikkje minst er det kjekt å trene når me er ein gjeng slik som her i dag, smiler Marit Salomonsen frå Trimmeriet.
Og tysdag var dei verkeleg ein god gjeng. Etterkvart som Salomonsen kom opp med nye øvingar var det berre å henge seg på. Og det er berre å slå det fast med ein gong, for ein mjuk og sprek gjeng damer det var. Mange av dei hadde starta kvelden med ein felles tur rundt om på Frakkagjerd. I Sysco Arena venta det låg musikk og etter kvart høg puls.
Motiverande
Det er viktig at me får kontakt med alle som er her. Snakkar med dei og instruerer om det trengs. Det ser me også er viktig i vanlege treningsstudio. Folk vil bli sett, og det er vår jobb som instruktørar å gjere dette. I dag er eg faktisk litt spent, fordi det er Harald (Andreassen) som bruker å ha dette partiet, seier Salomonsen.

Les heile saka i papiravisa