Ein har sett det både i Haugesund og andre stadar at opne arrangement på julaftan er ein stor suksess. I fjor fekk frivilligsentralen i Aksdal spørsmål om dei kunne tenke seg å ha eit slikt arrangement. Det kom litt for brått på, men nå vil dagleg leiar Gerd Jorunn Christensen høyre om det er nokon som kunne tenke seg å vere med å arrangere eit slikt julekveldsarrangement.
– Både me og Kirkens Bymisjon vil ta oss av det meste praktiske som må gjerast, men me treng nokon som kan vere «vår» representant under den sosiale samlinga. Så nå jaktar me på ein eller fleire som vil gjere litt ekstra for dei som kanskje ikkje har nokon plass eller nokon å feire jul med, seier Christensen.
Les meir i papirutgåva