Frode Løland overraska dei fleste då han påsto at det var betre for innbyggjerane i Skjoldastraumen med eit kommunalt grendasenter med barnehage. Aud Iren Eikemo ville vite meir om kva summen for ei ombygging eigentleg dekka. Dei to AP-representantane stemte i mot rådmannens forslag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg

AP stemte imot

Planane for ein ny privat barnehage i Skjoldastraumen er eit langt steg nærare realisering. Men Ap sine to representantar stemte imot rådmannens forslag

Det er klart etter at levekårsutvalet handsama saka i eit møte i går. Nå ventar formannskap og kommunestyremøte, før innbyggjarane i bygda eventuelt kan feire sigeren.
Men under møtet i levekår kom Arbeidarpartiet sine to representantar fram med synspunkt som vakte litt undring rundt bordet. Lengst tok Frode Løland det.
– Eg skjønar ikkje kvifor me skal bygge ny barnehage. Det må vere mykje betre for dei som bur der å ha eit fellesbygg med grendesenter og barnehage som kommunen eig. Tenk på lag og foreiningar som billig kan få leige lokale i eit kommunalt bygg. Det ser me i Nedstrand kor laga kjem til grendesenteret framfor til det private alternativet kor leiga er mykje høgare, sa Løland til nesten ein vantru gjeng politikarar.
– Me i AP vil også vite meir om kva som ligg i ombyggingssummen på 17 millionar kroner, før me vil stemme for eit alternativ med privat barnehage, sa Aud Iren Eikemo.

Fleirtalet var av ei heilt anna oppfatting.

Les heile saka i papirutgåva