Om å lytte

Måndag kveld får me det første innsynet i korleis politikarane i Tysvær ser føre seg neste års budsjett.

Kor mykje av det rådmannen la fram som framleis er aktuelt vil tida vise. Men me veit det vil vere forandringar, forandringar som kan og bør skape litt ro i bygdene framover.
Me har vore tett på kampen til innbyggjarane i Skjoldastraumen. Deira kamp for skule, barnehage og utvikling av bygda er på mange måtar ein sveineprøve på korleis lokalpolitikarar taklar høglydte utfordringar frå eit lokalsamfunn.
Skal me tolke lekkasjane me har høyrt, så kan dei juble når politikarane nå legg fram sitt fellesforslag til budsjett.
For dette handlar om minst tre ting.
For det første skal ein sjølvsagt drive ansvarleg politikk. Vala ein skal og må gjere skal vere slik at kommunen og innbyggjarane i framtida ikkje skal måtte gå på akkord med tidlegare vedtak. Gjer ein kutt, må det vise igjen både i budsjett, men også synleggjerast der det blir kutta. Kva tilbod sit ein att med. Kuttar ein i ein post er det ikkje særleg gunstig å måtte auke andre.
For det andre så skal politikarane sette seg godt inn i saker før dei går laus på dei. I fleire av dei mest omtala sakene denne hausten vitnar det om stort arbeidspress og ikkje alltid like godt førebudde politikarar som møter opp i diverse utval, eller på opne møter. Der må ein sette seg ned og evaluere i gruppene nå når budsjettarbeidet er over.
Det tredje poenget er å lytte til dei som eventuelle kutt, eller for den saks skuld satsingar, skal involvere. Ein treng slett ikkje vere einige, men det kan virke som om det er ein trend, ikkje berre i Tysvær, å på ein eller annan måte ikkje ville snakke med og om dei som kjenner best der skoen trykker.
Eit slikt eksempel ser ein også i Karmøy kor debatten rundt kutta på fastlandssida kom heilt ut av proposisjonar då rådmann Eikje la fram sitt forslag til budsjett. Kor mykje av den støyen som følgde den framlegginga som kunne vore unngått om ein hadde lytta litt tidlegare, er ikkje vanskeleg å ha ei meining om.
I Tysvær ville ein nok hatt ein langt rolegare veg fram til fellesbudsjettet om ein hadde samla alle gode krefter i søre-Tysvær, i Skjoldastraumen og i Aksdal før rådmann Vallestad la fram sine tal.
Politikarane våre skal ha mykje ros for at dei kjem til ei samstemt løysing, at dei evner å finne ei felles økonomisk plattform. Det skal dei få M+ for. Men arbeidsmåten dei kjem fram til dette på, får det ikkje.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør