Det blir juleaftan arrangement i Aksdal. Fleire har meldt seg etter at Gerd Jorunn Christensen etterlyste hjelp i Bygdebladet.
Foto: Mona Terjesen
Det blir juleaftan arrangement i Aksdal. Fleire har meldt seg etter at Gerd Jorunn Christensen etterlyste hjelp i Bygdebladet.

Det blir jul

Responsen let ikkje vente på seg då Gerd Jorunn Christensen trengte hjelp til juleaftanarrangement i Aksdal. Nå blir det jul.

– Heilt utruleg. Allreie dagen etter at Tysvær Bygdeblad hjelpte oss med å etterlyse nokon som kunne ta på seg ansvaret for eit julearrangement i Aksdal, var det folk på tråden. Og det var personar som hadde erfaring med slike arrangement frå før, så her var det fullklaff, smiler Christensen.
Ho ser nå fram til å møte dei friviljuge og starte arbeidet med å legge til rette for ei skikkeleg julefeiring, for dei som har lyst, i kjellarstova på Aksdalstunet.
Musikk
– Det var heilt fantastisk å snakke med dei som ringte. Nokre kunne spele og andre ville synge. Til saman skal dette bli ei skikkeleg juleaftan. Det er tydeleg at det er mange som les Tysvær Bygdeblad for det har ikkje vore nei ein einaste stad til nå. Me har vore å snakka med Meny i Aksdal og det ser ut til at me skal få eit svært godt tilbod også av dei. Målet er at dette skal vere eit rimeleg, godt og omsorgsfullt tilbod til sjølvkost. Eg må få lov å seie at det gjer noko med oss på frivilligsentralen også, når me møter så mykje positivitet, seier Christensen.

Les heile saka i papirutgåva