Gunnar Kallevik har eit stort hjarte for dei som treng litt oppmuntring i blant oss. Som turven eller ein dei kan snakke med. Fortent kandidat til ein juleengel.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunnar Kallevik har eit stort hjarte for dei som treng litt oppmuntring i blant oss. Som turven eller ein dei kan snakke med. Fortent kandidat til ein juleengel.

Årets 2. «Juleengel»

Gunnar Kallevik vil slett ikkje ha merksemd rundt at han «alltid» stiller opp. Nettopp derfor fikk han ein juleengel av oss.

For det er slik det skal vere når ein er ein kvardagshelt. Ein liker å stille opp, enten på klubbhuset til Stegaberg IL, på Frivilligsentralen i Aksdal eller som turkamerat for dei som treng nokon å gå tur med. Gunnar Kallevik ser på det å kunne bidra som løn nok.
– Dette var heilt unødvendig. Eg gjer ikkje dette for å få prisar, men fordi det gir meg så mykje å vere saman med folk. Oppgåvene er varierte, og det gir meg mykje å sjå kor lite som av og til skal til for at andre skal ha det bra, seier Kallevik.
Det har ikkje vore fritt for tips om at me burde gi ein «engel» til Kallevik. Rett nok blei me åtvara mot at han kanskje ikkje syntes det var så frykteleg moro å komme i avisa.
– Eg er sjølvsagt glad for at folk set pris på det eg gjer, men som sagt dette handlar ikkje om å stikke seg fram. Eg liker å vere ein som jobbar i kulissene og legg til rette for andre. Slik var det på klubbhuset til Stegaberg, og slik er det i Frivilligsentralen. Når eg ser at ting fungerar, ja då kjenner eg at det gjer godt, seier Gunnar Kallevik.
Friluftsliv
Gunnar Kallevik kom til Stegaberg som friidrettsmann og blei etterkvart «sjef» for den daglege drifta av sjølve klubbhuset. Nøyaktig og med full kontroll har han gitt eit stort bidrag til at huset i dag er velhalde og i tipp-topp stand. Etter at han gav seg har han fått meir tid til å dyrke friluftsliv og å gå tur. «Mannegruppa» har faste turdagar. I tillegg til dei er det å gå tur saman med andre som ikkje klarer å komme seg ut sjølv, veldig viktig.
– Det å kunne komme seg ut er stort for mange som sit inne på institusjonar heile dagen. Eg har hatt ei lita stilling i kommunen der eg har følgt opp eindel personar. Eg har sjølv ei mor som bur på Aksdalstunet, og eg veit kor lite det skal til for å glede nokon med eit besøk eller ein invitasjon til å gå ein tur, seier han.
Då me utfordra nokon av tipsarane våre på kvifor nettopp Kallevik fortente ein engel, så fekk me svar. Omgjengeleg, tilstades, ein god lyttar, omsorgsperson og eit ja-mennske.
– Eg har alltid tenkt slik at det treng ikkje vere så mykje som skal til for å glede andre. I tillegg ser eg at det ikkje skal så mykje til for å glede meg. Kanskje er det difor det passar så godt for meg å halde på med det eg gjer. Takk for engelen, men som sagt det var litt i overkant, avsluttar Gunnar Kallevik frå Høie.

Faktaboks

Tysvær Bygdeblad
«Juleenglar 2013»
28.11 Roar Sørensen
5.12 Gunnar Kallevik
12.12 ?
19.12 ?
Roar Sørensen