Straumproblem

Den streke vinden har tatt straumen fleire stadar i Tysvær dei siste timane. Nedstrand og Yrke har vore tidvis utan straum. Akkurat nå skal det vere mørkt på Bådsvikfeltet i Skjoldastraumen. Også på Skeiseid har det vore problem med straumen i dag.

I tillegg er det meldt om trer som har hamna i vegbanen og lause gjenstandar som har tatt seg ein luftetur. Trafikken på E39 er prega av at Boknabroa periodevis har vore stengt og at Boknasambandet ikkje har vore i drift. Heldigvis har me ikkje fått meldingar om alvorlege ulukker i Tysvær det siste døgnet.
Fleire vegstrekningar i kommunen har underkjøling og folk har sendt oss melding om at det er farleg glatt. Så me heng oss på Politiet si oppfordring: Ikkje gå ut om du ikkje treng det.