Tenorane imponerte i Tysværtunet. Frå venstre: Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad, Steffen Horn og Henrik Hundsnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tenorane. Frå venstre: Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad, Steffen Horn og Henrik Hundsnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nesten perfekt

Tenorane og Steffen Horn, kom, song og vann publikum i Tysværtunet. Til ståande allsong runga «Deilig er jorden» ut i den våte førjulsnatta.

Me har sagt det før og det kan sikkert omtalast til det kjedelege. Tenorar og julesongar er som skapt for kvarandre. Likevel er det mykje som skal klaffe når ein skal underhalde, nærast nakent aleine med sine stemmar eller til lett akkompagnement frå Horn sitt flygel.
Men i kveld gjekk det strålande. Songvala var gode, stemmane var gode og dei virka motiverte i dei 90 minuttane konserten varte.
Tenorane Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad kan sitt fag og dei kommunisera godt. Det har lagt seg på ei line kor både dei klassiske julefavorittane og dei meir glorifiserte amerikanske vandrar hand i hand.
Det er bra, responsen frå salen var god frå eit vaksen publikum. Det manglar litt på ein seksar hos oss, men det nærmar seg. Den litle magien som oppstår, mellom artistar og publikum var der berre tidvis. Om det var tenorane sin feil, er vanskeleg å seie. Uansett eit pusterom i ei hektisk julehelg kor storm og heftig handel har prega mange.

Les meir om kva Tysvær Bygdeblad meiner om konserten i papirutgåva.

Faktaboks

Julekonsert
«Så ha ei god jul då»
Tenorane
Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad og Steffen Horn, klaver
Tysværtunet
220 frammøtte
90 minuttar