Hyll, hyll, hyll

Det er berre å bøye seg i støvet og gratulere Nedstrand-bygdene med ei fantastisk førjul.

På mange måtar handlar det om eldsjeler, slike me har så mange av i Tysvær. Folk som stiller opp for heimstaden sin, som skaper liv og leven.
Når me i ei og same avis kan fortelje om både oppussing av bygdehuset, ny kunstgrasbane og om julemoro på Tveit vidaregåande, så vitnar det om bygder kor det er liv også på svartaste vinteren.
For Nedstrand er ikkje ei bygd, forstå meg rett. Det er fleire. Det er ganske så mange om ein skal ta med alle småstadane der folk tar i eit tak for at liten som stor skal få tilbod om å drive med noko meiningsfullt. I tillegg har ein alt frå lokalhistorikarar til ein prestefamilie som engasjerer seg langt utanom det vanlege. Og mellom der er det mange, svært mange.
Difor er det ingen som lenger lar seg sjokkere eller provosere av at ein får det til der inne mellom dei kvite husa.
I løpet av nokre år som redaktør treff ein mange folk i mange bygder. Ein treff dei som syter og klagar over alt dei ikkje får eller har. Ein treff på dei som blir frustrert over fråflytting og kommunal tregskap. Om vegar som ikkje held mål, om kommunale bygg som står tomme og om alt det som ikkje er slik det bør vere. Eg seier ikkje at dei ikkje er i sin rett til å klage, men hjelper det?
Når me besøker Nedstrand opplever me at dei vel å løyse ting på ein annan måte. Dei brettar opp ermane og løfter i lag. Dei godtar ikkje eit nei, men står på vidare. Dei går på kurs for å lære seg å søke om midlar. Dei kan godt dele på godane og dei har ingen problem med å lytte til gode råd frå dei som styrer i rådhuset i Aksdal. Dei bryr seg ikkje om kva andre har eller har fått. Dei har venta på tur og takkar og bukkar når sjansane byr seg.
Dei grip dagen for å bruke eit kjent uttrykk.
Berre det å komme opp med ein idé om å legge kunstgras på fotballbanen i Hinderåvåg vitnar om evna til å tenkje praktisk og stort. For det handlar ikkje om å spele fotball, men om å få eit idrettsanlegg kor barn og unge i denne delen av kommunen skal kunne trene og vere aktive heile året.
Berre det å rydde loftet på bygdehuset for å gi folk ein sjanse til å få trene saman vitnar om at ikkje alle treningssentra må vere glamorøse med store speglar.
Nedstrand har så lenge eg har kjent til bygda vore ein sommarstad kor folk kosar seg med is på kaien i sola. Tenk så feil kan ein ta. Det er eit liv og leven der inne heile året. Og til sommaren rundar idrettslaget sine første 50 år. Ingen tvilar på at det blir 50 til.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør