Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Jul på landet høyrer til Tveit vgs. Det er blitt ein tradisjon som både elevar, lærarar og bygda er stolte av. Gjennom hard jobbing og førebuing i fleire veker, steller elevane til eit arrangement som få kan måle seg med i nord Rogaland. Førre søndag var elevar og lærarar igjen klare for å ta imot publikum og gi dei smaken av jul på landet.
Den fine puddersnøen som la seg fyrste delen av helga var dessverre no historie, og slapset låg som eit vått teppe over heile garden. Likevel hadde mange våga seg ut i det sure været. Julemusikk over høgtalaranlegget, brennande bålpanner, juletre til sals, og hestane som lagar eigen julemusikk med bjelleklang – alt stemte for å kjenne julestemninga på kroppen.
Les heile saken i papirutgåva.