Målvakt Martin Christensen var overalt då HHK slo topplaget Halden. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Målvakt Martin Christensen var overalt då HHK slo topplaget Halden. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Inviterte til fest, og for ein fest

HHK inviterte tysværbuen tilbake til Sysco Arena og toppkamp i 1. divisjon. Vertskapen heldt det dei lova og banka Halden 26-21.

Med ein strålande oppvakt målvakt i Martin Christensen i spissen fekk topplaget frå svenskegrensa aldri vere med i kampen.
– Dette var ein heilt fantastisk god kamp av oss og dei kom aldri heilt inn i den. Spesielt i andre omgang hadde me full kontroll. Å stå der bakarst blei berre kjekkare og kjekkare. Dei blei rett og slett spelt av banen, gliste banens bestemann.
Men om HHK heldt det dei lova, så klarte dei ikkje lokke tysværbuen denne gongen. Medan det på Raglamyr var kø, kaos og julehandel var det snautt 200 som kosa seg med topphandball, vaflar og kaffi.
– Dette var ein kjempekjekk kamp. HHK er jo verdens beste og dette var heilt suverent. Kjekkaste skampen me har vore på, forklarte maskotane frå Skjold.
Ein annan som syntest det var kjekt var HHK-trenar Kristoffer Froestad.
– Dette er noko av det beste me har prestert. Heilt fantastisk. Me slapp dei aldri til og dei siste minuttane var berre å nyte. Herleg, jubla HHK-trenaren.

Meir om kampen i papirutgåva, torsdag.