Av Mona Terjesen
– Julaftan er veldig spesiell – særleg fordi kyrkja er full. Eg synst det er utruleg fint at så mange ønskjer å få med seg julebodskapen. Eg trur dei sett standarden i livet denne kvelden, seier Andreassen blidt.
– Kva tenker du om at så mange berre besøker kyrkja denne eine dagen i året?
– Eg stiller aldri spørsmål ved det. Om dei ikkje er faste kyrkjegjengarar så er det likevel viktig og flott at dei går på julaftan. Me må akseptere at ikkje alle finn sin plass kvar søndag, trass i at eg meiner dei kunne fått stort utbytte av å gå oftare. Det er mykje viktig, i tillegg til julebodskapen.
Gler seg til full kyrkje
For prest Einar Andreassen handlar det om å tenne håp på julaftan. 24. desember leiar han gudstenestene i Førre kyrkja.