Slik så Skjold ut i 2013: Bak frå venstre: Svein Sørensen, Håkon André Waage, Hilberg Nemeth, Are Søderlund, Espen Helgeland, Rune Lindanger, Morten Frøland, Daniel Aarås, Torleif Rullestad, Christian Askeland, Bjørnar Hompland og Inge Eirk Skogland. Framme: Espen Vaka, Aleksander Nilsen, Sigbjørn Tysvær, Torgrim Nonslid, Alexander Rossebø, Andreas Jacobsen, Eivind T. Rullestad, Jonas Risanger og John Hettervik.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Slik så Skjold ut i 2013: Bak frå venstre: Svein Sørensen, Håkon André Waage, Hilberg Nemeth, Are Søderlund, Espen Helgeland, Rune Lindanger, Morten Frøland, Daniel Aarås, Torleif Rullestad, Christian Askeland, Bjørnar Hompland og Inge Eirk Skogland. Framme: Espen Vaka, Aleksander Nilsen, Sigbjørn Tysvær, Torgrim Nonslid, Alexander Rossebø, Andreas Jacobsen, Eivind T. Rullestad, Jonas Risanger og John Hettervik.

Satsar ungt og lokalt

Fjorårets trenar og tidlegare spelar Håkon André Waage var den første som forsvann ut dørene i Grinde. Han fekk raskt følgje av fleire.

Fotballmiljøet på Haugalandet er lite, og når Skjold-spelar etter Skjold-spelar blir observert på trening med andre lag går rykta fort. At Waage ikkje var nøgd med korleis det blei i Skjold har vore ein dårleg skjult hemmelegheit. Nå er det klart at han skal trene Haugar sitt G16-lag, vere med i trenarteamet til a-laget og kanskje spele for dei, om beina vil.
– Eg har signert for Haugar og ser fram til å jobbe med trenarar som Steinar Lein og Terje Osmundsen. Skjold var ikkje eit alternativ for meg. Eg blir ikkje overraska om det dukkar opp fleire Skjold-gutar i stallen her neste sesong, seier Waage utan å ville nemne namn.
Men vakne supporterar har allereie observert både Sigbjørn Tysvær og Are Søderlund i trening på Sakkestadbanen. Nå er det ikkje nokon sensasjon at spelarar på dette nivået fartar rundt på vinterstid, og sist veke blei det stadfesta at Tysvær er klar for spel i Haugar.
Ferdig
To andre «veteranar» som ikkje blir å sjå i gult neste år, i alle fall ikkje Skjold-gult, er spissen Morten Frøland og midtbaneslitaren Rune Lindanger.
– Eg er ferdig i Skjold og vurderer mellom anna SK Vats. Eg har ikkje bestemt meg for anna enn at det ikkje blir Skjold, seier Frøland.
Rune Lindanger er observert både på Troppene og på nemnte Sakkestadbanen. Han har ikkje bestemt seg for kva det blir neste sesong. Men ein ting er sikkert, han er også ferdig i Skjold.
– Det kan eg stadfeste, seier Lindanger i ei melding.
Espen Helgeland skal bygge hus og vil ha meir tid til familien.
Ungt
– Det er korrekt at me har ein del spelarar i avgang. Det er forskjellige grunnar til det, men dette kan me leve med. Me har tatt opp ein del spelarar frå G16 og juniorlaget og a-stallen tel nå i overkant av 20 spelarar. Me har døra open for fleire og har vore i kontakt med eit par, utan at det har lukkast å signere nokon til nå. Me tilbyr ikkje løn, men godt treningsmiljø og seriøs satsing, seier trenar Helge Risanger.
Oddbjørn Halvorsen skal spele for Skjold neste år etter eit år kor han har vore registrert i Stegaberg. Brian Risanger har sagt ja til å vere med for fullt neste år. Også Christian Bredal er klar for Skjold.

Meir i papirutgåva.

Faktaboks

Skjold 2014
Håkon Bådsvik
Eivind E. T. Rullestad
Oddbjørn Halvorsen
Halvor Hansen
Christian Askeland
Bjørnar Hompland
Daniel Aarås
Torleif Rullestad
John Hettervik
Sander Hettervik
Christian Bredal
Jonas Risanger
Morten Bådsvik
Jarle Hundsnes
Alexander Gundersen
Torgrim Nonslid
Knut Eirik Kringeland
Magnus Samuelsen
Sondre Bådsvik
Berge Ohm
Brian Risanger
Hilberg Nemeth
Vegard Steinsland

Trenar Helge Risanger