– Gratulerer med dagen mamma. Laila Randi Stensen (t.v.) var først i køen av gratulantar då Magda Søvik feira 100 år i går. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Gratulerer med dagen mamma. Laila Randi Stensen (t.v.) var først i køen av gratulantar då Magda Søvik feira 100 år i går. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

100 år og nyt framleis livet

2. januar 1914 fekk Mathilde og Sivert Andreas Løndal ei lita jente. Magda var så svak då ho kom til verda. «Dette barnet kan ikkje leve opp så me får nauddøype ho», sa dei på sjukehuset. Eit århundre seinare feirar Magda 100-årsdagen sin med familie og venner.

Av Mona Terjesen
Mokkabønner og trøflar på bordet, små hekla hjarter i ein pose ved sida av stolen hennar og ein stabel med fotoalbum sirleg lagt fram. Familiebilde i både svart-kvitt og i fargar – utalege, hengande på alle veggane i den litle omsorgsleilegheita på Tysværtunet. Me besøker Magda nokre dagar før ho fyller 100 år. Ho kjem til døra og tar imot oss. Ser veldig mykje yngre ut enn alderen hennar tilseier. Etter få minuttars samtale kjem det klart fram at dette er ei dame som ikkje berre ser yngre ut, ho har også eit hovud som overgår dei fleste. Alt av datoar, hendingar, folk og bursdagar sitt som klistra. Ho hugsar for eksempel fødselsdatoen til alle dei 80 etterkommarane sine.
– Eg har aldri feila noko, litt problem med beina, elles ingenting. Eg har aldri hatt problem med husken for eksempel. Når folk seier at dei ikkje skjønar korleis eg hugsar så godt så seier eg at det berre er slik. Det berre dukkar opp naturleg, utan at eg treng anstrenge meg, seier Magda Søvik smilande.

Les heile saka i papirutgåva.