Alexander Søderlund spelte på landslaget i Sør-Afrika sist det var nyttårsmottaking. Men denne gongen hadde ordføraren fått tak i han. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexander Søderlund spelte på landslaget i Sør-Afrika sist det var nyttårsmottaking. Men denne gongen hadde ordføraren fått tak i han. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gløymer ikkje Tysvær

Alexander Søderlund var heimom på snarvisitt og fekk ein fortent «Idrettsheider». Han har ikkje problem med å huske kor han kjem frå.

– For meg er det stort å komme heim til Tysvær og få ein slik heider. Sjølv om eg har reist vekk så vil alltid timane på løkka heime som unggut, vere noko ein hugsar. Nå har me fri frå trening i Rosenborg fram til tysdag, så begynner oppkjøringa framover mot seriestart som er allereie 30. mars. Dette var ein strålande avslutning på ein fortent ferie, gliste Søderlund som fekk eit svært så sporty kunstverk som gåve.
Han lovar at den skal få heidersplass i den nye leilegheiten midt i Trondheim sentrum.