Olav Nygaard var ein stolt mottakar av «Tysværstatuetten». Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Olav Nygaard var ein stolt mottakar av «Tysværstatuetten». Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Stor kunstnar toppa stor fest

Fullt hus, glitter og stas og store forventningar til 2014. Nyttårsmottakinga i Tysværtunet var av det optimistiske slaget.

Både ordførar Harald Stakkestad og hans gjestetalar Hallvard Ween, direktør i NHO Rogaland, var offensive og såg for seg strålande år i Tysvær i åra framover. Så spørs det om kor lenge det blir eit Tysvær slik me kjenner det i dag, for begge går nå langt i å konkludere med at det bør ikkje være meir enn ein kommune på nordsida av Boknafjorden.
Og at det handlar om transport og samferdsle fekk me i bøtter og spann i begge sine talar.
Ordføraren ramsa opp alt som var komme på plass og minna om alt som kjem i åra som ventar. Over halve talen frå Stakkestad handla om infrastruktur.
Heider
Sjølv om Tysvær går så det grin og det er vanskeleg å finne noko pessimisme i ei nyttårsmottaking så klarte likevel arrangørane Stakkestad og kultursjef Ingvar Frøyland å toppe det heile med fleire flott kulturinnslag. Henrik og Gry Hundsnes, Maria Veim og Førre Musikkorps serverte alle kulturinnslag på høgt nivå.
Og det må til når ein skal skape ei ramme rundt prisvinnerane som i år var av det heilt spesielle slaget. Trioen Olav Nygaard, Vidar Aarhus (kulturpris) og Alexander Søderlund (idrettsheider) er på kvart sitt felt personar Tysvær kan vere skikkeleg stolte av.

– Heilt fantastisk flott å få ein slik pris.

– Heilt fantastisk flott å få ein slik pris. Det betyr mykje for meg og eg er stolt. Å stå på scena og kikke utover ein fullsatt sal, merke sympatien og entusiasmen var flott. Så tusen takk, smilte Olav Nygaard etter at han fekk den høgt hengande «Tysværstatuetten».
Førre Trevare blei årets verksemd i Tysvær kåra av næringsforumet.
Elise Erland, Alexander Kolstø Våge og First Lego League-laget Nonstop fekk «Tysværdiplomet».
Gina Gedick og Lars Magne Ullvang fekk Kulturstipend.

Meir om nyttårsmottakinga i papiravisa på torsdag.