Trond Kenneth Eikeskog (t.v.)har klart å etablere seg blant dei beste biljardspelarane i landet. Her saman med klubbkamerat Bjørn Ellingsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Trond Kenneth Eikeskog (t.v.)har klart å etablere seg blant dei beste biljardspelarane i landet. Her saman med klubbkamerat Bjørn Ellingsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gjorde reint bord

Trond Kenneth Eikeskog har klart å etablere seg blant dei beste biljardspelarane i landet. Slikt blir det pokalar av.

I romjula vann han seniorklassen i Rogalandsmeisterskapen og kunne plassere nok ein stor pokal i pokalhylla heime i Førreåsen.
– Det gjekk bra og eg er godt nøgd med turneringa som var i 9-erball. Eg hadde eit undervegs, men klarte å kjempe meg tilbake og til slutt så var eg på toppen. Eg vann føre lagkamerat Bjørn Ellingsen, seier ein godt nøgd Eikeskog.
Timar med trening både heime i garasjen og i klubben «Tre Måker Biljardklubb» i Haugesund har gitt resultat. Ein 3. plass i NM er det foreløpige høgdepunktet.
– Dette er ein sport me små marginar og skilnaden mellom siger og tap er liten. Av og til slepp ein ikkje til på bordet, uansett kor god form ein er i. Difor er det svært viktig å gripe dei sjansane ein får. Det tenkjer eg på når eg trener og bruker mykje tid på detaljar og kampliknande oppsett på bordet. Ein må vere førebudd på det meste, seier 22-åringen.
Klubben
Saman med klubbkamerat Ellingsen viser han fram noko av det som må til for å vere best i Rogaland i klassen under elite.

– Me er heldige i Haugesund som har eit flott lokale i Sørhauggata kor me kan trene under skikkelege forhold.

– Me er heldige i Haugesund som har eit flott lokale i Sørhauggata kor me kan trene under skikkelege forhold. Johannes Tørresdal, opphavleg frå Kårstø, er dagleg leiar og treningsmiljøet i klubben er heilt fantastisk. Her er det plass til alle og det er ingen som hoverer eller visar seg fram. Me trener saman og vil gjere kvarandre gode. Det unike miljøet gjer at me stadig får opp nye gode spelarar, seier Ellingsen som kjem frå Utsira.
Biljard og snooker har fått ein opptur dei siste åra. Mykje på grunn av snookersendingane til Eurosport kor spelarar som Ronnie O´ Sullivan og Mark Selby har fenga også det norske publikummet.
– På ein måte er det dei driv med nærast som kunst å rekne. Men nivået i Noreg blir stadig betre og ein får stadig fleire bordhallar kor ein kan trene og terpe på det som må til. Tidlegare var dette noko ein gjorde på puben, i dag er det litt meir sportslege rammer rundt arrangementa. I Rogalandsmeisterskapen var det best av ni sett i innleiinga, så best av 13 i finalerundane. Det krevjar styrke både fysisk og mentalt, noko som ein får gjennom trening. I tillegg var det ein god del folk og såg på, slik at ein også måtte takle litt meir press og stress enn det ein er vant til, seier Trond Kenneth Eikeskog.
Sju sigrar og omlag 40 «frames» måtte til før pokalen hamna i Eikeskog sine hender.
– Det var stas å vinne denne turneringa mellom anna fordi ho var arrangert av biljardforbundet. Nå blir det Noregscup og litt andre turneringar utover vinteren, noko eg gleder meg til, seier biljardspelaren.
– Flott å kunne trene heime i garasjen?
– Ja, ikkje sant. Her heime har eg god støtte og bilane må vike for at eg skal få trene skikkeleg.
– Er det ein dyr sport?
– Nei, eigentleg ikkje. Som i dei fleste idrettar er det sjølvsagt skilnad på utstyret og om ein vil kan ein sikkert bruke mykje pengar. Eg har eit par køar og standard dresskode. Så kjem sjølvsagt reising. Me har eit vanleg biljardbord heime, som me nå må skifte duk på. Likevel vil eg ikkje seie det er dyrt. Når ein i tillegg får god oppfølging i klubben, så er dette noko for dei fleste, seier Eikeskog som heilt tydeleg har familien som viktige støttespelarar.
Velkommen
Sjølv om biljard er ein individuell sport er både Eikeskog og Ellingsen svært opptatt av å få fram at dette er noko som bør passe for mange, som kanskje ikkje finn seg til rette i vanleg lagidrett.
– Eg begynte då eg var 15 år og har tatt steg for steg. Som sagt har me eit flott miljø, noko eg set pris på, seier Ellingsen, som var litt av og på i ein periode.
Den perfekte alder for ein toppspelar er 20 til 40 år, men her er det som elles i idretten sjølvsagt mange unnatak.
– Eg trur at dei fleste som finn seg til rette med biljard eller snooker vil ha dette som ein kombinasjon av idrett og hobby. Av og til er det dei som knekk koden tidleg og kan ta steget opp og bli konkurransespelar. Eg gjorde det og dette er stort å vere med på, smilar Trond Kenneth Eikeskog og viser fram det tydlege provet på at han er ein av Rogalands aller beste med kø og kuler på grøn filtduk.