The Kvednabekkjers576

Ei med alt

Etter at gitarist og vokalist Tommy Øvrebø gjekk bort i 2012 har The Kvednabekkjers sakte men sikkert fått spelt inn og gjort ferdig albumet han og Wolfgang B. Ognøy hadde store planar for.

Og det har blitt ei country/popplate som viser eit band som har kontroll over fleire stilartar. Det svingar frå nesten Karl Magnus Sjøen og Busserulls-aktige «Bygdafest» til «Vassendgutane» i «Singelliv».
Tysværbuen Kjetil Østebøvik spelar bass i bandet. Han er også vokalist på to av songane, kanskje dei to beste på plata. «Kongen på haugen» og «Holda Rundt deg» er to melodiøse godbitar som ein lett ser for seg som favorittar på ein konsert eller dans.
Også hyllesten «Boknaren» som avsluttar plata er eit flott stykke arbeid kor kjærleiken til heimstaden Bokn kjem godt fram.
Det er på mange måtar rart å skulle melde ei plate kor hovudpersonen, stemma og gitaristen i bandet aldri fekk oppleve denne dagen. Men Tommy Øvrebø si arv er tatt vel vare på. Med god hjelp av gitaristane Jostein Marø og Henrik Nilssen har ein klart å utfylle dei eventuelle hola som var i songane.
«Bekkjens sildring» er på ein måte ei festplate, men også ein hyllest til det ultralokale, kor mange nok vil kunne kjenne seg igjen i tekstane. Rett nok ikkje alt som er like stor poesi, men bodskapen kjem godt fram likevel.
Det som likevel gjer at me endar opp med ein sterk firar for denne plata er kvaliteten musikalsk. Her er mykje drivande gode og varierte gitarprestasjonar. Å få med seg Jardar Havikbotn på tangentar har også vore svært vellukka. I tillegg sit kompet til trioen Østebøvik, Nedrebø og Ognøy som støypt. Lydbilete er særdeles vellukka og viser at ein kan om ein berre vil, også i eit lokalt studio.
The Kvednabekkjers har begynt å røre på seg og ein skal ikkje sjå vekk i frå at bandet blir å sjå på scenen igjen denne sommaren. Då vil garantert fleire av songane på plata ende opp som allsonghitar.
Høgdepunkt?
– Det må bli den flotte «Holda rundt deg» av Jardar Havikbotn og fleire av gitarsoloane som kjem tett på plata.
Svakheit?
Litt mange naudrim, men det dekker dei inn med sjarmen.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

The Kvednabekkjers
Bekkjens sildring
Tommy Øvrebø
Jardar Haviksbotn
Kjetil Østebøvik
Eirik Nedrebø
Wolfgang B. Ognøy
Kvednabekken Productions
2014