Ikkje skremt av døden

Ved nyttårstider offentleggjorde Trygg Trafikk tala på skadde og drepne i trafikken for 2013.

I ei tid med vegsatsing og sterkt fokus på trafikktryggleik var det svært skuffande tal. 19 drepne og 620 hardt skadde berre i Rogaland.
I vår region omkom ein person på Karmøy, ein i Suldal, ein i Haugesund, to i Vindafjord og to på Stord i fjor. Sju tragediar som rammar og som har ringverknadar langt utover dei som direkte er involvert.
– I 2013 døde 190 personar i vegtrafikken. Det er ei auke på 31 prosent sidan 2012. Me ønskjer oss fartssperrer, fleire kontrollar og lågare hastigheit i byane, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.
Og det viser seg at det er ei auke av dei drepne som sit inne i bilen når ulukka skjer. Fart er eit stikkord. Fotoboksar og hyppige laserkontrollar er eit verkemiddel mot for høg fart, men skal ein tolke rapportane frå T-sambandet så bryr ikkje folk seg særleg. Haugen med beslaglagde førarkort veks i rekordfart, medan forskrekka politifolk berre ristar på hovudet.
Ein kan slå fast at fartsrekordar blir slått på både E39 og E134 også i 2013/14.
Det betyr svært forenkla at folk bryr seg lite om faren for ein brå trafikkdød.
Likevel er det fleire moment i desse tala. Dårlege vegar, dårleg vêr og for enkelte av ofra uflaks. Dei var på feil stad til feil tid.
Likevel blir desse unnataka. For når ein dagleg les om farlege forbikjøringar, høg fart, promillekjøring og rus, ja då må me berre stå opp og innrømme at me som førarar slett ikkje er utan skuld. Rett nok er det lov å stille spørsmål rundt ein del av standarden på norske vegar. Det same når det gjeld midtdelar. Skal diskusjonen som nå går om utrykkingskjøretøy sin sjanse til å komme forbi, stanse denne utviklinga, eller skal ein få fart på planane og heller lage betre vegskuldrar slik at bilar kan svinge unna når dei kjem. Det virke som systemet blir fullstendig lamma med ein gong det kjem innspel. Då skuldar ein på kvarandre og ingenting skjer.
Me har sagt det før og eg seier det igjen. Me må få fart på midtdelarjobben som skal gjerast frå Haugesund til Våg. Så får ein heller kjøpe litt meir areal slik at brannbilar og ambulansar kjem seg fram. Me kan ikkje ha lov å stole på flaksen, at me i 2014 ikkje får ei dødsulukke her me bur med europaveger rundt oss på alle kantar. Flaks er noko som høyrer heime i Lotto og ikkje i trafikksikring. Å stole på kampanjar og trafikkantar har vist seg å vere dårlege greier. Når ein i kveld tenner lys og faklar i Haugesund for å minnast dei som er døde og skadde i fjor, er det altfor mykje lys.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør