Boksaren Leif Arne Larsen tapte NM-kampen i Tønsberg.
Boksaren Leif Arne Larsen tapte NM-kampen i Tønsberg.

Siger og tap i Danmark

Boksaren Leif Arne Larsen kom heim frå boksestemne i Aalborg med ein siger og eit tap.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Eg var ikkje heilt i form og kjente meg slapp og ikkje heilt på. På dette nivået nyttar ikkje det, og eg var sjanselaus mot Kevin Melhus frå Kristiansand i finalen. Han har eg møtt før i jamne kampar, men denne gongen hadde han full kontroll og vann alle rundane. Men det er mykje læring i dette likevel og eg reiser heim med nye erfaringar, seier boksaren frå Førre.
I semifinalen klarte Larsen å kjempe seg til siger, men merka at kroppen var tung.
– Det gjekk greitt, men eg visste det ville blir ein tøff finale. Når det er sagt så gir slike kampar god ringerfaring og eg lærer korleis eg kan hente meg inn igjen i ein kampsituasjon. Så sjølv om eg ikkje presterte på mitt beste er eg glad for at eg reiste og fekk desse kampane. Erfaringar frå dette stemnet i Aalborg kan vere gode å ta med vidare, seier Larsen.

Les meir i papirutgåva