Espen Eriksen har konsert i Avaldsnes kyrkje 26. januar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen tar med seg resten av trioen og Andy Sheppard til Vossajazz i april. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eriksen til Avaldsnes

Jazzduoen Espen Eriksen (piano) og Gunnar Halle (trompet) er på vegen med salmar. Prosjektet deira heiter «Hymns», og som tittelen indikerar er det salmestoff, som nå blir gjenstand for musikalsk fundering, improvisasjon og leik.

Etter å ha turnert i fem år og vore ein del av Kulturrådets kirkemusikkordning og gitt ut en kritikkarrost plate med prosjektet «Meditations of Christmas», er duoens nye prosjekt salmar og folketonar som ikkje er sesongavhengige. Med andre ord salmar og folketonar «frå heile kyrkjeåret».
– Me har allereie gjort fleire konserter og spiller inn plate med materialet i april. Med bakgrunn i jazz og annen improvisasjonsmusikk, handsamar me gamalt melodimateriale på nye og frie måtar. Først julemusikk og nå salmar frå hele året. Tilbakemeldingar stadkrefter at ein slik improvisasjon med den eminente tilnærming til kyrkemusikk opplevast som frisk, spennande og verdifull, seier tysværbuen Espen Eriksen.
Det er «Kulturutvalet» i Avaldsnes sokn som inviterer til konsert søndag 26. januar.

Les medlinga frå sist han hadde konsert på våre kantar:

https://tysver-bygdeblad.no/2013/02/15/milevis-fra-stoyen-pa-kaien/