Alexander Kolstø Våge i ferd med å løfte 85 kilo over hovudet. Meir blei det ikkje på stortalentet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexander Kolstø Våge i ferd med å løfte 85 kilo over hovudet. Meir blei det ikkje på stortalentet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Dramatisk då Alexander blei stoppa

Vestlandsmeisterskapen i vektløfting starta med to persar for Alexander Kolstø Våge. Då han skulle toppe det heile blei han stoppa i døre. Tida var ute. – Frykteleg trist, seier ungguten.

Vestlandsmeisterskapen begynte bra for Alexander Kolstø Våge. Med heile familien som supporterar på rad ein fekk han opp 70 kilo i rykk, noko som er ny pers. Så starta han støytdelen med 85 kilo og var på veg mot noko skikkeleg stort.
– Me fekk ikkje heilt med oss kva tid eg skulle inn og prøve meg på 90 kilo. Då eg sto i døra sa speakeren at tida var ute. Det er berre heilt utruleg trist, men sånn er det berre. Nå får eg deppe ei lita stund. Revansje får eg ta i NM og kort tid, seier den sympatiske løftaren frå Tysvær Vektløftarklubb.

Meir om VM i vektløfting og resultat får du i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Skjermbilde 2014-01-18 kl. 23.00.18
Tysvær VK hadde med fem deltakarar.
Her er plasseringane:
Dag Rønnevik, 1. plass
Roy Inge Pedersen Odland, 2.plass
Alexander Kolstø Våge, 2. plass
Jan Egil Austerheim, 2. plass
Ingmar Haraldseid Søvik, 3. plass