Arbeidstittelen på Eriksen/Halle sitt nyaste prosjekt er «Hyms». Fritt etter salmeboka for å bruke duoens eigne ord.
– Me er stadig ute og spelar og det å kunne boltre seg med songar frå salmeboka er stort. Kjekt å sjå at så mange ville ha med seg denne konserten i det dårlege vêret som er i kveld, sa Eriksen etter ein dryg time i Avaldsnes Kyrkje.
Kjekt å sjå at så mange ville ha med seg denne konserten
Der fekk i underkant av 100 lytterar med seg klassikarar som «Lei milde ljus», «Veld alle dine veie», «Vår Gud han er så fast ein borg» og ein strålande versjon av «O, bli hos meg».
På ein måte heilt annleis enn det ein er vant til, men likevel eit solid bidrag til kulturarva salmeboka tross alt er.
Kva Tysvær Bygdeblad meiner om konserten får ein på kulturlivsider på torsdag.