Petter Lønning slapp aldri til mot Vard-forsvaret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Petter Lønning slapp aldri til mot Vard-forsvaret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vard 2 blei for sterke for Stegaberg

Stegaberg skåra på sine to straffar før kampstart, men hadde som venta lite å stille opp med mot Vard-rekruttane. Men periodevis hang dei med i svingane.

For det handlar om tempo når 5. divisjon møter 3. divisjon.
– Me hadde eit par periodar kor me klarte å halde på ballen og skape halvsjansar. Dessverre var dei totalt sett for gode for oss. Likevel var det aldri snakk om at me blei spelt av banen, seier Stegaberg-trenar Thormod Ness.
Han såg at Ådne Nærheim og nykommar Eirik Minde skåra før kampen starta.
– I starten var me med og hadde kontroll på formasjonane våre. Etter kvart auka dei tempo og då blei me ståande å sjå på. Likevel var det på dødballar og i faste situasjonar dei skåra dei fleste måla. Det er for dårleg av oss. Men nå er me i gang og det var herleg, smilte ein relativt nøgd Stegaberg-trenar.
Kvarteret før slutt sto det 2-3, men ein sluttspurt av raudtrøyene sørga for solide 5-2.

Meir om vintercupen: https://tysver-bygdeblad.no/2014/01/21/nye-datoar/

Meir om opninga av vintercupen i papiravisa på torsdag.

Faktaboks

Stegaberg 2 (2)
Vard 2 5 (3)
Vintercupen
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Ådne Nærheim (str. 0)
2-0 Eirik Minde (str. 0)
2-1 Martin Pedersen (22)
2-2 Andre Buntegaard (37)
2-3 Lars B. Heggøy (41)
2-4 Fardin Rasooli (77)
2-5 Martin Pedersen (88)
Dommar: Ole-Petter Grindheim, Djerv 1919