Arvid Bakken informerte kommunestyret om den ny reviderte kommuneplanen, som sikrar ein meir tydeleg plan for utviklinga i mellom anna strandsona.
Foto: Mona Terjesen
Arvid Bakken informerte kommunestyret om den ny reviderte kommuneplanen, som sikrar ein meir tydeleg plan for utviklinga i mellom anna strandsona.

– Likar Coop-planane

Kva dei meinar om Coop sa dei lite om, men måten ein ser for seg å utnytte Shell-tomta på Frakkagjerd fall i god jord.

Etter ein kort, men god diskusjon var alle dei åtte representantane i teknisk utval einige om at det forslaget som nå ligg på bordet er så bra at det er på tide å legge det ut på høyring.
– Det som gleder meg mest er at ein i planane har tydeleg vist at ein vil gjere noko med heile tomta. Noko som vil rydde opp i mykje av det inntrykket ein får i dag. Det er tydelege grøntareal og eg trur dette vil blir eit løft for heile Frakkagjerd, sa Anita Halsnes frå Arbeidarpartiet og fekk mange nikk for den tanken.
Tryggleik
To av punkta som tidlegare har vore diskutert er korleis krysset E134/Frakkagjerdvegen skal bli i framtida. Det andre er omsynet til dei mjuke trafikkantane. På teikningane som blei vist fram kom begge desse godt ut.
– Som ein ser er utkjøringa trekt lenger inn på tomta enn det som er i dag. Det er innkjøring frå aust som i dag, og i tillegg eit ekstra ut og innkjøringspunkt i bakkant på tomta. Me ser også tydeleg markert korleis ein ser føre seg kor fortau og sykkelvegar skal gå, sa leiar av utvalet Arvid Bakken (H).

Les heile saka i papirutgåva