Ian Sveistrup (t.v.) og Omar Asmi viste godt igjen mot Strindheim-spelarane Vladimir Zejak (23) og Marius Nysæter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ian Sveistrup (t.v.) og Omar Asmi viste godt igjen mot Strindheim-spelarane Vladimir Zejak (23) og Marius Nysæter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Held liv i draumen om 3. plass

Eigentleg var målet topp seks. Men nå renn poenga inn for HHK. Dermed tør dei så vidt å kikke litt høgare på tabellen. Strindeheim blei utspelt og slått 29-22.

Det blei på mange måtar ein rotete kamp kor fleire litt uvanlege taktikkar blei tatt i bruk. Victor Sandberg opplevde 60 minuttar med frimerke, medan Strindheim i 40 minuttar av kampen spelte med ein ekstra utespelar i angrep.
– Det blir mykje rot når det blir slikt. Sjølv om me leia heile vegen var eg ikkje sikker før heil mot slutten. Greitt nok å få prøvd seg i slike situasjonar, men vanleg er det ikkje, seier HHK-renar Kristoffer Froestad.
Likevel var det eit godt nøgd publikum som heia og klappa dei raudkledde inn til to nye poeng.
– Me spelte periodevis svært bra, for så å ha nokre ujamne parti. Likevel så viste me at det går ann å halde hovudet kaldt, sjølv når motstandarane gjer så mykje for å skape kaos. Det var ein viktig siger for oss, men eg synast framleis at me skal ha som mål å bli topp seks, så får alt betre blei ein bonus, seier ein av banens beste Ian Seistrup.
HHK var best i alt, leia frå start til mål og tok ein fullt fortent siger. Målvakten Martin Christensen blei kåra til banens beste.

Meir om kampen og HHK i papiravisa.