Med heile Hinderåvåg  som kulisser tar ivrige syklistar seg gjerne ein runde i Tveitskogen. Frå venstre Helge Morten Askvig, Erik Kahlbom, Lars Espevik, Birgith Bustad Lilleskog og Dag Thormod Milje.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Med heile Hinderåvåg som kulisser tar ivrige syklistar seg gjerne ein runde i Tveitskogen. Frå venstre Helge Morten Askvig, Erik Kahlbom, Lars Espevik, Birgith Bustad Lilleskog og Dag Thormod Milje.

Liker sykkelturar i skog og mark

41 kilometer med fantastisk naturopplevingar ventar dei som i år stiller til start i «Bike Brothers NedstrandRittet». – Passar for alle, lovar arrangøren.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Akkurat det siste er me litt i tvil om, men at det blir ein fantastisk tur, det er garantert. For maken til sykkeltrasé er det vanskeleg å finne. Start og mål ved idrettsplassen i Hinderåvåg. Så ein runde i Tveitskogen før kursen går for austsida av Lysevatnet til Helgeland. Derifrå går det på veg tilbake til Hinderåvåg før ein i år også skal ein runde rundt Muslandsvågen. Kupert, variert og flott.
– Dette er utan tvil ei løype me kan vere stolte av å vise fram. det er dette som er terrengsykling. Likevel er det så pass gode trasear at alle kan vere med. Det krev ikkje så mykje meir av utstyret enn at det er ein terrengsykkel, og dei er det blitt mange av på vegane dei siste året. Nå kan ein få teste dei ut i skog og mark, seier Dag Tormod Milje.
Og me må jo stole på soknepresten. Han har fått med seg ein svært så driftig gjeng, motivert av fjorårets suksess.
– Det har vore ein del dugnad og meir skal det bli. Me er også nå formelt registrert slik at me kan gå ut og marknadsføre rittet på ein heil anna måte enn i fjor, som var eit slags prøveår. Me har sett oss nøydt til å sette ei maksgrense på 300 deltakarar, og då blir det først til mølla prinsippet, seier Milje.

Les heile saka i papirutgåva