Buss og skule

Denne veka har me ein god del utdanningssaker på trykk i avisa. Om skular, studietilbod og om ungdom som allereie har tatt eit val.

Om kort tid skal nye ungdommar ta sine skuleval.
Ein ting som har vore ein liten hemsko for tysværungdommen er at ein del av studietilboda dei gjerne vil velje har vore akkurat litt for langt unna, eller litt for vanskelege å komme seg til utan å måtte ha eigen bil eller å måtte flytte på hybel. Det gjeld spesielt tilboda på Kopervik og Åkrehamn vidaregåande skular. Begge har spennande studietilbod mellom anna innan media, idrett, automatikk og røyrleggjarfaget. Linjer som er attraktive, men som på grunn av reisetid har blitt valt vekk.
Etter at T-sambandet blei opna har vegen til desse skulane blitt mykje kortare for dei fleste i Tysvær og spesielt for alle som bur sør i kommunen. Me kan denne veka lese om ein elev som har fått korta ned reisetida med formidable 45 minuttar kvar einaste dag. I løpet av eit skuleår på 190 dagar blir det mykje tid spart.
Men, det er framleis eit men. Skal ein utnytte mulegheitene T-en gir så må ein framleis ha tilgang på skyss med privatbil. Rutetilbodet i Tysvær er for dårleg, sjølv om Kystbussen er blitt redninga for ein del. Me er for få til å lokke busselskapa ut på vegen med nye ruter. Draumen for elevane er ei mjølkerute frå Frakkagjerd/Førre, via Aksdal, Slåttevik til Karmøy. Den finnest ikkje i dag, men den bør stå på sakslista når Kolumbus neste gong skal møtast for å lage eit kollektivt tilbod.
For dette handlar ikkje berre om å gi elevane eit godt tilbod til og frå skulen. Dette handlar om å trene opp den neste generasjonen i å bruke buss. Skal ein få ned trafikken av personbilar må ein vise at buss er eit alternativ. Blir ungdommane vant til at buss er ein lettvint og sikker måte å komme frå A til B på, så kan dette få store positive trafikale konsekvensar på sikt.
Det handlar garantert om pengar. Om krav til inntening. Å ta buss på Haugalandet i dag er så dyrt at mange vel det vekk og tar andre alternativ, sjølv om eg slett ikkje er sikker på at det gir nokon økonomisk gevinst. Men kombinasjonen av høge billettprisar og eit dårleg rutetilbod er ikkje god butikk.
Difor bør gode busstilbod alltid vere eit politisk mål, både lokalt, men også på fylkesnivå. Ungdomskortet må haldast på det prisnivået det er i dag. Det må stillast mykje strengare krav til dei som driv med kollektivtransport i Rogaland og ein må vere viljuge til å sjå på eit samarbeid på tvers av selskap, til tross for knallharde anbodskonkurransar.
Buss er på mange måtar, og i mange sine auge, framtida. Men vil det vere bussar i framtida.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør