Espen Tørresdal rydda opp i det meste. Her er det Alexander Gundersen og Torgrim Nonslid Eriksen som angrip for Skjold. Ruben Kleiven er med og forsvarar Stegaberg-målet til Kristian Storesund . Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Tørresdal rydda opp i det meste. Her er det Alexander Gundersen og Torgrim Nonslid Eriksen som angrip for Skjold. Ruben Kleiven er med og forsvarar Stegaberg-målet til Kristian Storesund . Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tett, heftig og kjekt

Skjold slo Stegaberg 3-0 i vintercupen. Heldigvis var det litt skilnad på laga til slutt, men Stegaberg imponerte i 1. omgang.

Det blei ein fair og underhaldande kamp når naboane Stegaberg og Skjold møttes på Frakkagjerd i kveld. Om lag 60 frammøtte fekk sjå eit aggressivt Stegaberg-lag angripe Skjold i dei første 45 minuttane.
– Me skulle gå høgt ut og presse dei. Det klarte me i 45 minuttar. etter kvilen blei det litt tydlegare at me speler i kvar vår divisjon. Me er litt for unøyaktige med ballen, spesielt framover. Der var dei mykje betre. Men dette var bra, sjølv om eg faktisk hadde håpa me var litt meir med mot slutten, seier Stegaberg-trenar Thormod Ness.
Dag Frode Tønnesen kunne sendt heimelaget i leiinga før kampen starta men brente straffa. Skjold-keeper Håkon Bådsvik var lynraskt nede i sitt venstre hjørne og redda.
Herleg
Medan Ness var sånn passe nøgd var det ein smilande Skjold-trenar som kunne konstatere at dei ikkje dumma seg ut i naborslaget.

Me gjer ein grei kamp

– Stegaberg pressa oss i den første omgangen og det blei lite sjansar av det. Etter pause opna det seg meir og me tok meir og meir over. Ingen tvil om at det er ein del her nå som trekk et lettelsen sukk. Det hadde ikkje vore noko å tapt mot Stegaberg. Me gjer ein grei kamp, får testa ut spelarar og slepp ikkje inn mål. Godkjent, er vel ein grei konklusjon, seier Helge Risanger.

Meir om lokaloppgjeret og kommentarar frå spelarane får du i papiravisa på torsdag.

Faktaboks

Stegaberg 0 (0)
Skjold 3 (1)
Vintercupen
Frakkagjerd kunstgras
0-1 Vegard Steinsland (30)
0-2 Sjølvmål (58)
0-3 Berge Ohm (80)
Gult kort: Ådne Nærheim og Ruben Kleiven, Stegaberg
Dommar: Rolf Kristiansen, Vedavåg
T: 60