Tre innbrudd i Grinde gjer at politiet vil ha tips.
Politiet rykket mannsterke ut til Frakkagjerd i dag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Tatt i storaksjon

Måndag 24. februar gjekk politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til aksjon og
pågreip og sikta tre personar involvert i blant anna eldspåsetjing av Vandaskog skule i Sveio
kommune, eldspåsetjing av Helganes Motorsportsenter i Karmøy kommune, samt fleire
vinningsbrot i Tysvær, Sveio, Karmøy og Haugesund kommune.

Alle dei tre personane som no er sikta har ei tilknyting til kvarandre, men det er førebels
uvisst om alle har teke del i alle dei nemnde forholda. Dei sikta er menn i aldersgruppa 19-
22, busett i distriktet. Alle er kjent for politiet frå før.
– Grundig politiarbeid og god koordinert etterforsking mellom driftseiningane har ført til
resultat i saka. Det gjenstår framleis ein del etterforskingsarbeid før saka er klar for
påtaleavgjersle, seier politifullmektig Sveinung Andersen, etterforskingsleiar og jurist på
saka.
Det er gjennomført avhør av to av dei tre som er sikta. Ein vil i løpet av kort tid avgjera
spørsmål om eventuelle varetektsfengslingar.
Vandaskog – Sveio
Den nedlagte Vandaskog skule brann ned til grunnen laurdag 1. februar. Det var svært tørt i
denne perioden og flammane spreidde seg raskt i terrenget rundt, noko som resulterte i at
rundt 20 husstandar måtte evakuerast.
Helganes Motorsportsenter – Karmøy
12. februar tok det til å brenna i Helganes Motorsportsentet i Karmøy kommune.
Motorsportsenteret brann ned til grunnen. Mykje utstyr med stor verdi gjekk tapt i brannen.
Høg vinningsaktivitet
Ein har den siste tida hatt ein periode med høg vinningsaktivitet i delar av politidistriktet.
Slik type aktivitet skaper stor påkjenning og uro for både berørte og befolkning.
– Dei tre er sikta for grovt skadeverk og ulike vinningsbrot. Etterkvart som sakene blir
ferdig etterforska vil ein senda dei over til statsadvokaten for påtaleavgjersle. Generelt ser
påtalemynda alvorleg på lovbrot av denne karakter, seier Andersen.

Sveinung Andersen, Politifullmektig