Tysvær Bygdeblad hadde sitt beste år nokon sinne i 2013. Redaktør Alf-Einar Kvalavåg likar dagens opplagstal.
Foto: Mona Terjesen
Tysvær Bygdeblad hadde sitt nest beste år nokon sinne i 2015. Redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Tysvær Bygdeblad aukar mest

Tysvær Bygdeblad er nok ein gong opplagsvinnar i Rogaland. I fjor auka me opplagstalet med 4,9 prosent og har nå eit godkjent opplag på 2180. – I ei tid kor mange lokalaviser slit med opplagstala er dette svært gledeleg, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

I dag klokka 11.00 kom fasiten på korleis det står til i avis-Noreg. Landslaget for lokalavisene (LLA) presenterte tala som viser at mange lokalaviser dessverre slit med å halde på sine faste lesarar.
– Me har hatt ein opptur over fleire år og gleder oss saman med våre lesarar at me stadig blir større. Me håper også at me er blitt betre og at det er ein av årsakene til vår vekst. Me gir ut avis i eit område kor det er ein svært tøff konkurranse om nyhende. Lokalaviser, lokal-TV og radio-kanalar florerar og kjempar om lesarane og reklamekronene. Me tolkar desse tala som eit klart JA til lokalavis i Tysvær, seier Kvalavåg.

Me tolkar desse tala som eit klart JA til lokalavis i Tysvær

Berre Suldalsposten og Ryfylke opplevde saman med bygdebladet ei auke i Rogaland i fjor av LLA-sine aviser.
– Nå startar kampen om å få tilbake dei som sa opp abonnementa i fjor. Mange av dei har vore trufaste lesarar i mange år. Me opplev dessverre at ein del les avisa på jobb og dermed utelukkar resten av familien frå det produktet som me lagar. Tysvær Bygdeblad er ei avis for heile familien med sterk satsing på nyhende, kultur, sport og ungdomsrelatert stoff. Me har lagt bak oss eit fantastisk 2013, kor me også opplevde det beste økonomiske resultatet nokon gong, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg