Me er heldige me…

Måndag kveld blir det endå meir å velje i for den nyhendehungrige. Haugesunds Avis opnar sin nye fjernsynskanal, med nyhende, sport, kultur og debatt.

Objektivt neppe noko som har vore sakna i mediejungelen på Haugalandet, men meir eit produkt over den stofflyten som finst i mediehuset i Karmsundsgata.
Denne veka blei det kjent korleis det står til mellom lesarane og avisene i Noreg. Og skal ein tolke opplagstala så er det ikkje bra. Fleire og fleire vel vekk papiravisa, eller tenester som kostar pengar og heller vel det som er gratis og tilgjengeleg over alt.
Kikkar ein litt på lista over avisene i landet vil ein sjå at det er klare skilje. Ein har i den eine enden lokalavisa, med sine trufaste lesarar og abonnentar. Så er det regionsavisene som på mange måtar hamnar mellom alle stolar. I den andre enden er dei store riksavisene, dei som set ein standard og som gjer at nettopp aviser som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Haugesunds Avis hamnar mellom desse berømte stolane. Dei blir pressa til å gjere grep heile tida. Prøve nye kanalar, teste ut, feile og lære i ein bratt læringskurve. Ofte med eit hylekor som kulisser.
Samstundes må dei kjempe mot andre aktørar som har nisjar som si satsing. Det kan vere lokalradio, lokalfjernsyn og gratisaviser. Dei lukkast med noko og dei øydelegg for seg sjølv på andre felt.
Difor er det lov å spør om Haugesunds Avis verkeleg skal bruke tid og pengar på ein ny fjernsynssatsing. Me stilte same spørsmålet då dei begynte med gratisavis for snart to år sidan. Den gongen rista me på hovudet, denne gongen har me meir tru på dei.
For oss i bygdebladet har dette lite å seie. Me har vunne land på vår lokale satsing. På det tysværbuen ikkje finn i regionsavisa eller i det virvar av radio- og fjernsynskanalar. Me ønskjer å ta steg for steg på vegen til å bli ei lokalavis som «alle» her vil ha. Me skal vere med å skape debatt, men også skape ei kjensle av patriotisme av å vere her i frå, eller det å vere ein del av Tysvær. Me bruker tida vår på å grave lokalt, finne dei spennande menneska og sakene her me bur. Me bruker mykje tid på å få folk til å bli abonnentar, slik at me kan ha fokus på det som er forutsigbart. Me vil spele på lag både i gode og dårlege tider.
Så når opplagstala viser at me veks mest i Rogaland jublar me, ikkje berre her på kontoret, men saman med alle dei 2180 som kvar einaste torsdag prioriterer å bruke pengar på det som står oss nærast.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør