Av Mona Terjesen
Det har gått over all forventning. Det er tydeleg at det var eit behov og ønskje om eit treningsrom her, seier Birgith Lilleskog i Nedstrand Bygdehus.
56 første dagen
Ho gir oss ei omvisning i det 60 kvadratmeter store rommet, som har utsikt mot gymsalen. Spinningssyklar står på rekke, tredemøller strategisk plassert med ein stor flatskjerm framfor, store apparat og ikkje minst rekke opp og rekke ned, med handvekter. Her kan alle og einkvar trene det ein har behov for. Då bygdebladet er på besøk torsdag ettermiddag, er tre jenter i full trening.
– Det er som regel alltid folk her. Me var litt redde ei stund, då me såg kor mange som meldte seg inn – for at det skulle bli trangt. Men det verkar som om folk fordeler seg ganske bra. No vurderer me å få til nokre spinningstimar også, fortel Lilleskog.
Allereie på opningsdagen, slo medlemspåmeldinga alle mål.
– Me håpa vel på at rundt 30 skulle melde seg inn og bruke rommet, men allereie første dagen var det 56 som meldte seg inn, og sidan har det komme inn nye jamt og trutt. Det har gått over all forventning dette her, seier Lilleskog smilande.
Snart 100 medlemmer
Berre ein månad etter dei opna, har det nye treningsrommet i Nedstrand, fått nesten 100 medlemmer!