Ole Johannes Stople og Christian Bredal skal spele saman i Skjold denne sesongen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Ole Johannes Stople og Christian Bredal skal spele saman i Skjold denne sesongen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ole Johannes Stople til Skjold

Fredag blei Skjold og Ole Johannes Stople einige om at han skal spele for Skjold i 2014. Han har ein skade som gjer at han treng eit par veker på å bli heilt speleklar, men dette er fantastiske nyhende for oss, seier trenar Helge Risanger. Nå gjenstår papirarbeidet før Stople er heilt klar.

Ole Johannes Stople har spelt for Skjold tidlegare og var sterkt ønska til Grinde denne sesongen. Han har også solid erfaring frå spel i Vard og Stord.

Skjold speler heime mot Etne den 2. mars og borte mot Vard 2 7. mars. Neppe med Stople på laget, men som ein del av troppen.