Slik er det blitt. Foto: Mona Terjesen
Slik er det blitt. Foto: Mona TerjesenBilde 1 av 8
1. paret ok
Bilde 2 av 8
2. huset fasade
Bilde 3 av 8
3. kjøkkenet ok
Bilde 4 av 8
4. Stilleben ok
Bilde 5 av 8
7. Pynt ok
Bilde 6 av 8
11. barnerom ok
Bilde 7 av 8
16 sprenger tomt ok
Bilde 8 av 8

Bygde husdraumen sin i Espevik

Det er mange fine plasser i Tysvær, ein av dei er Espevik i Nedstrand.

Av Mona Terjesen
Ein kald, men fin februardag kjører me innover Liarvågvegen. Me skal på besøk til familien Lilleskog. I enden av ein stikkveg ligg det; huset deira som stod ferdig for dryge sju år sidan. Det kvite, store trehuset ligg landleg plassert på ein stor gardsplass. Til venstre for bustaden ligg ei rød løe. Alt ser veldig idyllisk, sirlig og ryddig ut.
– Velkommen.
Me har ringt på den doble, svarte døra. Det er Kaj som opnar. Faren i huset. Bak han dukkar kona Birgith opp med eit stort smil. Dei bur der saman med ungane Tirill på 8 år, Mats (10) og Emma (6).
– Kom inn, kom inn.
Allereie idet me stig inn i den store, opne entreen merkar me romfølelsen. Det er uvanleg romsleg her?
– Me har høgna takhøgda med 20 centimeter. I staden for 2,4 meter er det 2,6, fortel Kaj.
Me går gjennom spisestua og kjem inn på kjøkkenet. Store vindauge slepp inn masse lys, og ikkje minst ser me rett ut på ein diger, flat hage som strekk seg heilt til sjøkanten.
– Det er ein del plen å klippe?
– Mellom to og tre mål, nikkar Kaj, og legg til at eigedomen deira totalt er på 240 mål.
Dei såg det tidleg for seg, korleis dei skulle gjere eigedomen framfor huset flat, lage ein stor hage som ungane kan leike i, og ha enkel adgang til brygga og båten.
– Eg gjorde det meste av tomteklargjeringa sjølv, spreninga måtte eg ha hjelp til, fortel Kaj og peiker ut vindauget.

Les meir i vekas Bygg og Bu