Får me svi denne gongen

129 tysværbuar er utan arbeid når me nå har gått inn i mars. Det er 2,3 prosent av dei som er potensielle arbeidstakarar.

Litt over snittet i Rogaland, men framleis blant dei lågaste i landet.
Men tala for Tysvær er på veg oppover og det er bygg og anleggsbransjen det går hardast utover. Det på tross av stor aktivitet, noko vekas bygg og bu avis skulle vitne om. Også industrinæringa har hatt ei negativ auke på over 30 prosent i Rogaland, og det er utviklinga i desse to næringane som bør bekymre mest. Ein av grunnane er at utanlandsk arbeidskraft slit med å finne ny jobb i dårlege tider. Det blir nemnt både dårlege norskkunnskapar og låg utdanning. Denne gruppa arbeidsledige vil garantert stige i månadane framover. Dei utgjer allereie neste halvparten av dei som nå står utan arbeid.
Ein annan grunn til bekymring er at talet på ledige stillingar i fylket er langt lågare enn det er ledige arbeidstakarar. 5484 er utan arbeid. 2096 stillingar blei lyst ut i februar. Låg kompetanse og «feil» utdanningsløp er andre forklaringar på at ein nå ser ei negativ utvikling.
Og det er interessant når ein samstundes med tala frå NAV får tala som viser kva ungdommen ønskjer å bli. For 21 200 ungdommar har nå søkt på skuleplass i den vidaregåande skulen. Aldri før har så mange søkt innanfor fristen som var på måndag.
Det er framleis eit utdanningsløp som kan gi jobb i oljerelatert virke som er nummer ein. Ungdommen har stor tru på at «oljå» også skal gi dei høg løn og faste stillingar. Det gjeld i heile spennet frå elektrofag, via kjemi og prosess til produksjon.
Og det ser ut til at ungdommane har lytta til tendensane innan bygg og anleggsfag, for det er der det er størst nedgang i søkarmassen.
Men då kjem grunnen til overskrifta denne veka. Vil me då få svi om det blir ny vekst i bygg og anlegg? Kva vil skje når sentrumsutviklinga på Haugalandet skal realiserast om nokre år. Då står også Rogfast ferdig og ein forventar ein byggeboom frå Jæren til Bergen. Må me då hente inn nye store grupper med utanlandsk arbeidskraft, som igjen berre skummar toppane av arbeidsmarknaden. Vil det tradisjonelle handtverkaryrket dø ut?
Dette er utfordringar som både næringa og utdanningsinstitusjonane må ta på alvor i åra som kjem.
Det er ingen tvil om at det å utdanne seg er viktigare enn nokon gong. Alternativet med å droppe ut av skulen kan ikkje vere eit alternativ å anbefale nokon. Me høyrer av og til om ungdommar som hoppar av allereie etter ungdomsskulen og som nå både er millionærar og har eigne verksemder. Dei er få, og dei er unike.
I dei arbeidsmarknadstidene som er nå må utdanning, læreplasser og framtidsretta yrkesval vere tema rundt alle middagsbord kor det sit ungdommar.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør