Mange har opplevd frustrasjon når dei har søkt om å bygge nær strandsona. Det har ein lokal byggmeister tenkt å gjere noko med.
Framleis finnest bygget berre på teiknebrettet, men byggmeister Magnar Halvorsen har nå fått klarsignal til å starte opp med det spenstige prosjektet, ikkje langt frå kaien i Hervik.
– Blokk i Hervik, Halvorsen… Her trengs det ei forklaring.
– Det er nytt, men slett ikkje noko som er uvanleg andre stader. Med det presset som er i strandsona vil me i framtida sjå fleire slike kompakte prosjekt kor ein utnyttar dei tomtene som bli godkjent til å sette opp slike bygg. På denne tomta kunne ein kanskje fått godkjent to-tre hytter, eller småhus, mens me nå kan tilby 14 leilegheiter. Me har lagt oss på storleikar frå 75 til 130 kvadratmeter.
– Betyr det også at dette kan vere feriebustadar?
– Nå er det andre reglar som gjeld for feriebustadar, men det er ingen tvil om at ein her kan bu fast og samstundes oppleve det som fritidsbustad. Hervik er og vil bli tettare knytt saman både mot nord og sør med den vegstrukturen som nå er i nordfylket. Det gjer at ein kan bu i Hervik og jobbe både i Haugesund og Stavanger på sikt.
Les heile saka i vekas Bygg og Bu.